Hopp til innhold
X
Innhald

Gerrit Thomas Rietveld

Gerrit Thomas Rietveld [ritfelt], 1888–1964, var nederlandsk arkitekt og formgivar.

Dei rettvinkla møblane hans viser forankringa i estetikken til den nederlandske De Stijl-gruppa. Villa Schröder (1924) i Utrecht er sett på som eit av hovudverka frå modernismen. Rietveld teikna også van Gogh-museet i Amsterdam.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016