Hopp til innhold
Gunnar Roalkvam. Foto: Signe Christine Urdal. Nytta med løyve.
Gunnar Roalkvam. Foto: Signe Christine Urdal. Nytta med løyve.
X
Innhald

Gunnar Roalkvam

Gunnar Magne Roalkvam, forfattar, lektor og historikar som skriv lyrikk, songtekstar, drama og fagbøker.

Gunnar Roalkvam er fødd 27. august 1951 i Stavanger og er busett same staden. Han studerte samfunnskunnskap, geografi og historie ved Universitetet i Bergen frå 1972 til 1976 og tok hovudfag i historie i 1981.

Roalkvam var lektor ved St. Olav videregående skole i Stavanger frå 1976 til 2014. Han hadde permisjon frå stillinga i 1991 og 1992 for å arbeide ved FN-sambandet si avdeling i Rogaland. Han har hatt mange tillitsverv.

Frå debuten med diktsamlinga Samfunnsvafler i 1981 har Roalkvam skrive skjønnlitteratur på dialekt. Det er blitt sett melodi til mange av tekstane, både av han sjølv og andre. I tillegg til fleire diktsamlingar har han skrive skodespel, musikalar, tekstar for kor og viseprogram. Og han har skrive skjønnlitteratur for både barn, ungdom og vaksne.

Ta ein kjangs! (Stavangerensemblet, 1979) var det første albumet Roalkvam medverka på som tekstforfattar. Sidan har songtekstane hans vore med på meir enn 40 album til diverse band og soloartistar. I tillegg til Stavangerensemblet er Vestlandsfanden, Vamp, Sigvart Dagsland, Svein Tang Wa, Reidar Larsen og Per Inge Torkelsen blant desse artistane. Då Stavanger var europeisk kulturhovudstad i 2008, skreiv Roalkvam tekstane til musikalen Byterminalen. Musikalen teikna eit skarpt samtidsbilete av Stavanger og det norske samfunnet.

Roalkvam har skrive om fleire samfunnsfaglege emne. I 2012 gav han til dømes ut Oljebyen 1965–2010, saman med Kristin Øye Gjerde. Det var fjerde bind i Stavanger bys historie. I 2019 kom Å bygge en ny kultur. Arbeiderkultur i Rogaland 1880–1940, eit arbeidarhistorieverk om kva som særprega den lokale arbeidarkulturen i Rogaland.

I 1990 fekk Roalkvam Arbeidernes kulturpris i Rogaland. Han fekk Stavanger kommunes kulturpris 1995 og Advokat Dehlis pris for formidling av samvirkeorganisering i 2010. I 2012 fekk han Rogaland fylkeskommunes kulturpris.

 

Kjelder

E‑post frå Gunnar Roalkvam 25.5.2019

 

Forfatterkatalogen: «Gunnar Magne Roalkvam», forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/gunnar-magne-roalkvam/ [lesedato 20.8.2019]

Håvard Rem: «Ord frå Stavanger», dagogtid.e-pages.pub, publisert 16.8.2019 (krev abonnement): https://dagogtid.e-pages.pub/titles/dagogtid/2478/publications/701/articles/953359/23/1 [lesedato 20.8.2019]

Lars Chr. Sande: «Dialekt e’ kjekt», Rogalands Avis, 19.12.1981. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/f250357a345b012180eb96694401e56b?page=33&searchText=Samfunnsvafler

 

Peikarar

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Diskografi i Rockipedia, rockipedia.no

KÅKÅ kverulantkatedralen: «Gunnar Roalkvam leser dikt om økonomi og bedrøvelige bedrag», youtube.com, publisert 8.11.2017

Stavanger Aftenblad: «Gunnar M. Roalkvam», aftenbladet.no, publisert 14.3.2002

Hege Svanes: «Ein skikkelige mann», aftenbladet.no, publisert 24.9.2004

Først publisert: 05.11.2020
Sist oppdatert: 05.11.2020