Faktaboks

Hans Reynolds

Hans Kristian Karth Reynolds

Fødd
2. september 1876, Porsgrunn, Vestfold og Telemark
Død
16. juni 1933, Porsgrunn, Vestfold og Telemark

Hans Reynolds var journalist og forfattar. Han engasjerte seg i samhaldet innanfor det gamle norrøne området rundt Atlanterhavet og var svært aktiv under striden om Aust-Grønland i mellomkrigstida.

Hans Reynolds var fødd i Porsgrunn. Far hans var sjøkaptein, og Reynolds drog sjølv til sjøs i ung alder, etter han hadde fullført mellomskulen. Han tok til å arbeide som journalist, og i 1899 var han med på å starte venstrebladet Porsgrunds Tidende, der han var den første redaktøren. Seinare var Reynolds medarbeidar i Norske Intelligenssedler (opphavleg Norske Intelligenz-Seddeler) i Kristiania gjennom ei årrekkje, men han arbeidde først og fremst som forfattar.

Reynolds debuterte med Sange og stemninger i 1899, og han gav ut i alt fire diktsamlingar. Frå 1907 tok han til å skrive på nynorsk, og han engasjerte seg etter kvart sterkt for målsaka. Han reiste mykje i ulike land og område, særleg til øyane vest i havet som tidlegare hadde vore norske. Han skreiv reiseskildringar frå Færøyane, Island, Shetland, Orknøyane, Hebridane, Man, Irland og Grønland, og drog mykje rundt og heldt foredrag om desse stadene.

Då spørsmålet om suverenitet over Grønland vart aktuelt i 1920-åra, synte Reynolds eit glødande engasjement, og han gjekk for fullt inn i rørsla som kravde norsk råderett over Aust-Grønland. Han skipa eit eige grønlandslag i Telemark og gav ut den prislønte boka Grønland – Vestre bygdi i 1926. Frå 1919 var Reynolds statsstipendiat. I 1929–1932 redigerte han Norrøna – tidsskrift fyr norrøn samvinna.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ida Blom: Kampen om Eirik Raudes land. Pressgruppepolitikk i grønlandsspørsmålet 1921–1931. Oslo 1973. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg