Hopp til innhold

Hans Ross

Hans Matthias Elisæus Ross var teolog, språklærar, folkeminnesamlar og ordboksredaktør. Han førte vidare og utvida Ivar Aasens samling av norske ord.

Hans Ross var fødd 14. april 1833 på Holum prestegard i Mandalen og døydde 16. juli 1914 på Ullevål sjukehus i Oslo. Etter artium i 1849 og teologisk embetseksamen i 1855 studerte han tysk i Tyskland og engelsk i England. Han arbeidde som språklærar i Kristiania, og i sommarhalvåret reiste han mykje rundt i landet for å samle ord, seiemåtar og folkeminne. I 1867–69 fekk han stipend frå universitetet til samlararbeidet, og frå 1877 var han statsstipendiat.
Ross førte vidare arbeidet til Ivar Aasen både med å samle ord og å forske på dei norske dialektane. Då hans Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen kom ut i 1895, utgjorde det tusen trykte sider, med ca. 40 000 «nye» ord. Ross heldt fram med dette arbeidet og gav seinare ut fleire tillegg til verket.
Ross var med i krinsen rundt Aa. O. Vinje. Han skreiv mykje i Dølen og las korrektur på andre sine tekstar. Medan Vinje var utanlands frå sommaren 1862 til våren 1863, fungerte Ross som bladstyrar. I 1868 var han med på skipinga av Det Norske Samlaget, og han hjelpte til med dei første utgivingane. Eit storverk ved sida av ordboka er Norske bygdemaal, som kom i fem band frå 1905 til 1909.
Peikarar
Språkrådet, faksimilebiblioteket, elektronisk reproduksjon av Hans Ross: Maalreisningen her hjemme, belyst fra udlandet. Stavanger 1878
Språkrådet, faksimilebiblioteket, elektronisk reproduksjon av Hans Ross: Norsk Ordbog. Christiania 1895

Først publisert: 18.10.2010
Sist oppdatert: 22.03.2017