Faktaboks

Hans Rotmo
Hans Per Rotmo
Fødd
10. mars 1948, Verdal, Trøndelag
Verke
Sanger, musiker og forfatter
Familie

Foreldre: Landhandler og poståpner Peder Aksel Rotmo (1901–79) og butikkkmedarbeider Hjørdis Aasander (1905–78).

Gift 1) med Anne Lise Olsen (1955–), ekteskapet oppløst; 2) 1986 med skuespiller Hege Rohde (27.9.1941–), datter av skredder Per Jack Rohde (1911–79) og journalist Aasta Holm (1920–83).

Hans Rotmo
Hans Rotmo (framme med gitar) og bandet Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken opptrer under Spellemansprisen i Oslo i 1977.
Hans Rotmo
I 2010 gav Hans Rotmo ut plata «Vårres jul 2», oppfølgaren til kjempesuksessen «Vårres jul» fra 1980, som har blitt ein alternativ juleklassikar for mange.
Universal Norge.

Hans Rotmo er ein norsk musikar, låtskrivar og dramatikar. Med gruppa Vømmøl Spellmannslag var han ein føregangsmann for den trønderske dialektrocken.

Bakgrunn

Hans Rotmo er fødd i Helgådalen i Verdal i Trøndelag. Han tok cand.mag.-graden, med mellomfag i historie, ved Universitetet i Oslo i 1973.

Musikkarrieren

Rotmo starta si musikalske karriere i gruppa Valley Boys i 1964. I studietida vart han inspirert av norsk slåttemusikk, noko som sette eit sterkt preg på musikken han laga i 1970- og 1980-åra. I 1973 danna Rotmo Vømmøl Spellmannslag, som spelte fengande folkrock med politiske tekstar. Vømmøl Spellmannslag toppa Norsktoppen med fleire folkekjære songar. Gjennom karakterane i den fiktive bygda Vømmøldalen brukte han mykje humor for å skildre utfordringar som folk i Utkant-Noreg opplever. Med albumet Vømmøl’n (1974) og låtar som Høvlerivisa fekk Rotmo og vømmølmusikken mykje å seie for trøndersk dialektrock.

Rotmo heldt seinare fram med gruppene Arbeidslaget hass Konrad Vømmølbakken, Valley Boys og Heimevernslaget, som førte vidare den musikalske tradisjonen frå Vømmøl Spellmannslag. Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken fekk Spellemannprisen i 1976 for albumet Grovarbeid; gruppa gav òg ut Varsko her! (1976) og toppa Norsktoppen i 1976 med Ingemar Oppstuens kampsang, før dei vart oppløyste i 1977. Med visegruppa Heimevernslaget gav Rotmo ut tre album i 1978–1979. Dei største Norsktoppen-slagerane deira var På Ilsvikøra (1978) og Missekonkurransen (1979). Gruppa gjorde comeback i 2021 med Vindkraftkrigen.

Med figuren Ola Uteligger laga Rotmo kjende songar som Fire fine lænestola (1985) og Møringen (1987). Som Ola Uteligger fekk han suksess med albuma Brøllupet i Kanaan (1985), Herberget Sannheten (1987), Sorgens bar (1989) og Fire fine lænestola (1997). Rotmo har òg fått stor merksemd for juleplatene Vårres jul (1980) og Vårres jul 2 (2010), og tittelsongen frå Vårres jul (1980) har fått status som ein alternativ juleklassikar. Rotmo gav òg ut soloplater i 1982 og 1992, og fekk ein stor Norsktoppen-slager i 1983 med Tilgi mæ og slepp mæ in.

Med gruppa Trossetrua Band kritiserer Rotmo norsk asylpolitikk, og songane Vi fra andre (2012) og Svarte telt (2013) vekte reaksjonar. I 2019 spelte han Vømmøl-musikk igjen, og under namnet Vømmølbasen og Porcelen Band gav han ut albumet Vømmølbuen. Eit nytt soloalbum, Blå front – vol 1: Levande profitt, kom i 2021.

Forfattarskapen

Rotmo er òg dramatikar og forfattar. I 2000 vart Bønder i soloppgang sett opp på Trøndelag Teater, og han stod bak suksessrike teaterframsyningar som Trekkspillkrigen (2002). I 2001 debuterte han som romanforfattar med samfunnssatiren Sendebudet.

Utmerkingar

Rotmo har fått Verdal kommune sin kulturpris (1993) og Nord-Trøndelag fylke sin kulturpris (1995).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Rotmo: Vømmølmusikken. Komplett 1974–1996. Oslo 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg