Hopp til innhold
Håvard Rem. Portrett med løyve frå Cappelen Damm.
Håvard Rem. Portrett med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Håvard Rem

Håvard Rem, fødd 1959, er forfattar, omsetjar og litteraturkritikar.

Håvard Rem, fødd 1959, er forfattar og omsetjar. Han debuterte med diktsamlinga Kall på heltene i 1977 og har seinare mellom anna gitt ut Bak dør på gløtt (1985), Karl Johans åpenbaring (1987), Dvergmål (1999), Tekstmeldinger (2000) og 30 40 50 (2012). Rem har òg skrive sakprosa, essay og skodespel. Han har skrive biografiar om Erik Mykland, Tor Erling Staff, Hans-Erik Dyvik Husby og fleire.

Han har òg gjendikta Cohen, Whitman, Walcott og Shakespeare. Rem har vore litteraturkritikar i Aftenposten og Dagbladet. I 1987 fekk han Cappelenprisen for Karl Johans åpenbaring.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 19.04.2016