Hopp til innhold
X
Innhald

Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys, politikar frå Sunnfjord som har representert SV på både lokal- og riksnivå.

Røys vart fødd i Bremanger 6. mai 1967 og er utdanna førskulelærar ved Bergen lærarhøgskule i 1989. Ho har vore avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø i åra 1989–1996.
 
Røys har representert SV i Flora formannskap og bystyre og har hatt ulike verv i SV lokalt og på fylkesplan. I 1999–2000 var ho politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe, og i 2001 vart ho vald inn som den første stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane for SV nokon gong. Ved stortingsvalet i 2005 vart Røys ikkje attvald, men 17. oktober 2005 vart ho utnemnd til statsråd med ansvar for det nyoppretta Fornyings- og administrasjonsdepartementet i den andre Stoltenbergregjeringa. Denne stillinga hadde ho til 2009.
 
Som minister engasjerte Røys seg i ei rekkje tiltak for å fornye offentleg sektor, mellom anna fleire miljøtiltak, høgare etikkrav, betre språk, større openheit og ein mindre marknadsretta arbeidsgivarpolitikk. Eit hovudprosjekt var arbeidet med å forenkle bruken av offentlege tenester på Internett og utbygging av breiband i distrikta.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 02.05.2013