Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Rykkja

Helge Rykkja, lærar, lyrikar og lokalpolitikar for Raudt. Litterært og politisk var han ein sentral medlem av Profil-opprøret, tidleg surrealistimportør og utøvar, og eit av dikta hans blei lese opp som åtvaring mot modernistisk dikting i Stortinget i 1968.

Helge Rykkja er fødd 27. august 1943 på Mysen og er busett i Kragerø. Han er utdanna cand.philol., med hovudfag i norsk frå Universitetet i Oslo (1979) og med musikk og samfunnsfag i fagkrinsen. Han arbeidde ved Kragerø ungdomsskole i perioden 1974–2006 og representerer Raudt i kommunestyret.
Han debuterte med den handskrivne tekstsamlinga BOK i 1966. I 1968 ga han ut Poesi, som selde heile opplaget på 3000 eksemplar. Begge bøkene er eksperimentelle, medan Kommune (1979) har ein maoistisk tendens.
Seinare kom diktsamlingane Draken i solbærbuskane (1982), Filosofi, sa du (1994), Eit kjærleikstema (1997), Eit hus mellom andre (2003), Slutningar til knes (2004) og bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar (2006). Rykkja er ein modernistisk forfattar som er påverka av folkeopplysningstradisjonen og avantgardismen i 1960-åra, og det poetiske utgangspunktet hans er undring og ei nyfiken haldning til livet.
Han har skrive barneboka Blokka ungeberget (1983) og prosaboka Formalisten (1984). I 2007 gav han ut fagboka Kor blei klassen av? Rykkja skriv i rykk og napp, er borte ei stund og kjem så tilbake.
Rykkja var redaksjonsmedlem og ei tid redaktør av tidsskriftet Profil (1966–69). Han fekk Telemark mållags målpris i 2007.
Kjelder
Helge Rykkja, offisiell forfattarside, http://www.helgerykkja.com/Nytt/218 [lesedato 19.9.2011]
Red.: «Helge Rykkja», snl.no, sist oppdatert 7.12.2009, http://www.snl.no/Helge_Rykkja [lesedato 19.9.2011]
Helge Rykkja, forfattarside, dagbladet.no, http://www.dagbladet.no/forfatter/helge_rykkja.html [lesedato 19.9.2011]
«Helge Rykkja fekk målprisen», varden.no, publisert 11.12.2009, http://www.varden.no/nyheter/helge-rykkja-fekk-malprisen-1.254009 [lesedato 19.9.2011]

Først publisert: 19.09.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013