Hopp til innhold
Henning Rivedal. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
Henning Rivedal. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
X
Innhald

Henning Rivedal

Henning Rivedal, journalist, forfattar og kulturarbeidar. Tidleg i 1970-åra var han med på å lansere nynorsk innanfor fleire fjernsynssjangrar på riksfjernsyn.

Henning Rivedal er fødd 31. august 1944 i bygda med same namn, som tidlegare høyrde til Fjaler, no til Askvoll, i Sogn og Fjordane. Han har utdanning frå Firda gymnas 1962–65, Eik lærerskole 1965–67 og Sjøforsvarets gymnastikkskole 1967–68. I 1969–70 var han lærar ved Fana framhaldsskule, og frå 1971 til 1983 arbeidde han i NRK, først i riksdekkande fjernsyn og frå 1980 ved distriktskontoret i Førde. I 1984–87 var han skodespelar ved Sogn og Fjordane teater og i 1987–88 kultursjef i Naustdal kommune. Frå 2001 til 2011 var han informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Rivedal har elles arbeidd mykje som frilansar innan media og prosjektarbeid. Han har mellom anna leia fleire pionerarrangement i festivalsamanheng, som Countryfestivalen i Førde (1984–86) og Sognefjorden livsstilssveke (1990–93).
Rivedal har bakgrunn som friidrettsutøvar, og har fire gullmedaljar frå norsk b-meisterskap, tre i lengdehopp og ein i 100 meter sprint. Han har også drive med skøyteløp. I NRK Fjernsynet arbeidde Rivedal i sports- og reportasjeavdelinga, men han deltok også i andre typar program, til dømes i barneprogrammet «Leikestove» saman med Bergljot Engeset. Han har også skrive ei rekkje bøker om ulike emne. I debutboka Gull i sporet (1979) har han eit kritisk blikk på profesjonaliseringa og vitskapleggjeringa av skiidretten. Frå 1993 til 2008 var han medredaktør for Årboka for Sogn og Fjordane. I 2011 gav han ut boka Gamalost saman med historikar og ektemake Kjerstin Risnes.
 
Kjelder
Intervju 1.6.2012
 
Peikarar

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018