Hopp til innhold
X
Innhald

Hildegun Riise

Hildegun Riise, songar og skodespelar. Ho er fast tilsett ved Det Norske Teatret og har nådd breitt ut i mange kanalar og medium.

Riise er fødd i Strandebarm 19. desember 1958. Med utdanning frå Statens teaterhøgskule 1983–86 debuterte ho som skodespelar på Det Norske Teatret i 1986. Der har ho vore tilsett sidan, og ho har mellom anna hatt fleire sterke rolletolkingar i stykke av sambygdingen Jon Fosse.
 
På film hadde ho den første rolla si i Landstrykere (1989), etter Knut Hamsuns romanverk. Fjernsynssjåarane kunne aldri få nok av henne som Agnes Nedrebø i Vestavind (1994–95), med manuskript av Lars Saabye Christensen, Kjartan Fløgstad, Torill Thorstad Hauger og Norvald Tveit.
 
I 1993 gav ho ut cd-en Vår fattige Gud, med tekstar av Edvard Hoem og melodiar av Henning Sommerro. Musikkteatret er ein sjanger der ho har fått vise det rike talentet sitt, til dømes med ein litterær konsert bygd over dikt av Olav H. Hauge.
 
Riise fekk i 2001 Amanda-prisen som årets kvinnelege skodespelar for rolla som Camilla i filmen Detektor.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013