Hopp til innhold
X
Innhald

Hjalmar Riiser-Larsen

Hjalmar Riiser-Larsen, 1890–1965, var offiser, flygar og oppdagar i Antarktis.

Hjalmar Riiser-Larsen, 1890–1965, var offiser. Riiser-Larsen var med i fleire polarekspedisjonar og var mellom anna nestkommanderande på Roald Amundsen sin ekspedisjon med luftskipet "Norge" over Nordpolen. Då italienaren Nobile forsvann i Arktis, var det Hjalmar Riiser-Larsen som flauf med eit Hansa Brandenbuger-fly for å leite etter han. Då Roald Amundsen forsvann, var det også Riiser-Larsen som leia ekspedisjonen som søkte etter Amundsen.

Denne bakgrunnen gjorde at Riiser-Larsen leia Norvegia-ekspedisjonen til Antarktis i 1929-1930. Her vart Dronning Maud Land og Kronprinsesse Märtha land oppdaga og kartlagt frå fly.
I 1933 leia Riiser-Larsen ein eigen ekspedisjon til Antarktis.

Han var sjef for flyvåpenet i marinen i 1940–44, sjef for Luftforsvaret i 1944–46, direktør i Det Norske Luftfartsselskap i 1933–40 og administrerande direktør (1948) og direktør (1950–55) i SAS Norge.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2016
Sist oppdatert: 05.04.2016