Hopp til innhold
Foto: Joar M. Klette/ Samlaget
Foto: Joar M. Klette/ Samlaget
X
Innhald

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland, forfattar som med bøkene sine for ungdom har markert seg med røffe, men samansette jenteroller, humoristiske replikkar og eit språk utan pedagogisk filter.

Ingelin Røssland er fødd 19. februar 1976 og voks opp på Tysnesøy i Sunnhordland. Ho er utdanna skodespelar frå Bergen Teaterskole og har journalist- og dokumentarfilmutdanning frå Høgskulen i Volda. Som journalist har ho arbeidd i lokalavisa Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Frå 2003 til 2008 var ho tilsett i NRK, mellom anna som produsent for fjernsynsprogrammet Newton. Røssland debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen Viss du vil på Det Norske Samlaget og har seinare gitt ut seks bøker for ungdom. For Handgranateple (2006) vann ho Ungdomsbokprisen, i 2007 fekk ho Sigmund Skard-stipendet, og i 2008 kom ho på IBBY Honour List. Med spenningsserien om bråkmakaren Engel har ho laga eit slagferdig alternativ til bøkene om Frk. Detektiv. Også her er handlinga lagd til eit bygdesamfunn på Vestlandet.
 
Som forfattartype har ho fleire fellestrekk med Rune Belsvik, ikkje minst i sensitiviteten og intensiteten i skildring av ungdomsliv på stader forfattaren sjølv kallar «pittoreske drittplassar». Røssland nyttar gjennomgåande presens og førsteperson-forteljar. Det gir tekstane emosjonell styrke og driv.
 
Kjelder
«I den gode ungdomsboka skal det vere lidenskap på død og liv», Ingelin Røssland i samtale med Per Olav Kaldestad, i Årboka Litteratur for barn og unge. Oslo 2009
 
Peikarar
Heimesida til Ingelin Røssland
Heimesida til heltinna i Englefjes (2008) og Englejakt (2009)

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 04.09.2013