Ivar Refsdal
Ivar Refsdal, lærar og kartograf. Som kartteiknar var han nyskapande i måten å framstille karta sine på, der fag og kunstnarleg uttrykk vart vovne i hop på ein pedagogisk velutvikla måte.
Ivar Refsdal var fødd 6. april 1866 i Vik i Sogn og døydde i
Oslo 4. april 1939. Han gjekk lærarskulen på Hamar, der han tok eksamen i 1885.
Han starta lærargjerninga si i Herand i Jondal i 1886, hadde så lærarpostar i
Arnafjord og Hisøy, før han reiste til Foss skole i Kristiania i 1901. Han
slutta å undervise ved Foss i 1926 – 60 år gamal – for å drive med det han
likte og kunne aller best: å teikne kart. Lærargjerninga var ei nyttig erfaring
å ta med seg i nybrotsarbeidet med å gi ut pedagogisk tilrettelagde kart og
atlas.
Det første kartarbeidet kom alt i 1897, og han teikna frå no
av kart over Noreg og Norden, Europa og verdsdelane. Karta vart gitt ut som
veggkart eller samla i atlas. Det særmerkte med karta frå Refsdals hand var sjølve
teiknemåten, med eit vakkert, kunstnarleg tilsnitt. Måten han skraverte fjell
og dalar på, den særmerkte kalligrafiskrivemåten og fargebruken gjorde han til
ein original, pedagogisk og nyskapande kartteiknar.
Kjelder
Arne Inge Sæbø (red.): Ivar
Refsdal 1866–1939 kartograf, lærar, diktar, teiknar. Vik i Sogn 1995
Dag Aanderaa: «Ivar Refsdal», Norsk
biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003. Elektronisk utgåve ved Store norske
leksikon, snl.no
Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013