Hopp til innhold
X
Innhald

Jacob Rasch

Jacob Rasch, skulemann og språkmann. Han samla ord frå stavangerdialekten og omsette delar av Romarbrevet til jærdialekt.

Rasch var fødd 27. desember 1669 på Kvalbein i Ogna (no Hå) og døydde 1. oktober 1737 i Kristiania.
Han tok eksamen ved den lærde skulen i Stavanger i 1688, teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1692 og vart magister philosophiae i 1696.
Rasch var interessert i mange fag, studerte medisin og språk, mellom anna gresk, hebraisk, syrisk, kaldeisk og arabisk, og skreiv om emne i medisin, botanikk, matematikk, jus og filosofi. Særleg var han oppteken av norsk historie og filologi. Frå 1700 var han huslærar hos admiral Frederik Giedde i Danmark, og frå 1706 til han døydde, var han rektor ved katedralskulen i Kristiania.
For å auke kunnskapen om norsk språk gjorde han framlegg om å samle inn materiale frå norske dialektar. Sjølv laga han ei ordsamling frå stavangerdialekten og omsette til jærmål første kapitlet av Romarbrevet. Ein dansk grammatikk med døme frå norske dialektar vart aldri fullført.
Når det galdt skriftspråket, ønskte han ei rettskriving som bygde meir på talemålet. Han ville gjere dansk til skulefag og gjekk inn for dansk som opplæringsspråk i staden for latin i den lærde skulen.

Kjelder

Jarle Bondevik: Og Ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003
Kåre Dreyer Dybdahl: «Romerbrevet på Jærmål», Maal og Minne nr. 1–2/1989
Sigurd Kolsrud: «Eldste nynorske bibeltekst: Jacob Rasch c. 1700», Syn og Segn 1950
Jacob Rasch: Norsk ordsamling. Stavanger 1698. Oslo 1957
Didrik Arup Seip: «Rasch, Jacob», Norsk biografisk leksikon, bd. XI. Oslo 1952
Per Seland: «Vestlandsslekten Rasch», Norsk slektshistorisk tidsskrift, bd. XXXII, hefte III. Oslo 1990
Inge Særheim: «Denne kar æ Jesus Christus okka herræ», Stavanger Aftenblad 6.10.2011
Kjell Venås: Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida. Oslo 1990
Laila Aase: «Jacob Rasch», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003

Peikarar

Først publisert: 10.10.2011
Sist oppdatert: 07.02.2017