Hopp til innhold
Foto: Olav Standal Tangen/Høgskulen i Volda.
Foto: Olav Standal Tangen/Høgskulen i Volda.
X
Innhald

Johann Roppen

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda og professor i journalistikk. Han har forska på medieindustri og har vist korleis endringar i eigarrolla påverkar journalistikken.

Johann Roppen er fødd 29. juni 1967 i Bergen og er oppvaksen på Flø i Ulstein kommune. Han studerte journalistikk ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule (seinare Høgskulen i Volda) frå 1986 til 1991. Hovudfaget i massekommunikasjon og mediekunnskap (no medievitskap) tok han ved Universitetet i Bergen i 1992, og i 1997 byrja han arbeidet med ei doktorgradsavhandling same staden. Han disputerte til doktorgraden i 2003, med avhandlinga «Orklas lange revolusjon. Konsern, redaktørar og journalistikk i Orkla Medias norske aviser 1985–2000», som handlar om eigarskap og mediekonsern, mediepolitikk og journalistikk.

Roppen var tilknytt Vikebladet som journalist frå 1984 til 1987 og arbeidde heiltid frå 1985/86. Han var vidare rådgivar for Eigarskapstilsynet for media frå 1998 til 1999. Mellom 2002 og 2011 var han førsteamanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda, og frå 2011 professor same staden. Mellom 2002 og 2005 var Roppen òg dagleg leiar i Møreforsking AS. I 2015 var han ein kort periode kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda, før han i august tok til som rektor.

I 2004 gav Roppen ut boka Medieindustrien, som drøftar eigarkonsentrasjon i medieindustrien ut frå både økonomiske og politiske perspektiv.

Roppen har vore leiar i Sunnmøre Mållag (1990–91), styremedlem i Møreforsking (2004–05), styremedlem i Tinde design & trykk AS (2005–08), mediekontakt for det norske kvinnelandslaget i fotball for døve (2009–14), leiar i Volda TI Fotball (2010–12) og i Volda Idrettsråd (2013–). Frå 2013 til 2015 var han FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda. Roppen har òg vore medlem i fleire offentlege utval: utgreiing av mediestøtta i både Noreg (2010) og Danmark (2011), og finansiering av NRK (2015–16).

Kjelder

E‑postar frå Johann Roppen, 2.11.2015 og 3.2.2016

Johann Roppen sin profil på LinkedIn: https://no.linkedin.com/pub/johann-roppen/b5/416/6... [lesedato 2.11.2015]

Presentasjon av Johann Roppen på nettstaden til Høgskulen i Volda, hivolda.no: http://www.hivolda.no/hivolda/utvida-sok/sokjeresu... [lesedato 2.11.2015]

Det Norske Samlaget sin presentasjon av Medieindustrien: http://www.samlaget.no/nn-no/fakta%20og%20dokument... [lesedato 2.11.2015]

Peikarar

«Johann Roppen blir ny rektor ved Høgskulen i Volda», innlegg på Høgskulen i Volda sin nettstad 5.12.2015: http://www.hivolda.no/hivolda/nyhende?displayitem=...

Rektorbloggen til Johann Roppen: https://blogg.hivolda.no/jr/

Først publisert: 02.03.2016
Sist oppdatert: 08.03.2016