Hopp til innhold
X
Innhald

Joseph Rotblat

Joseph Rotblat, 1908–2005, var polskfødd britisk atomfysikar og fredsaktivist. Han deltok i Manhattan-prosjektet for å utvikle den første atombomba, men trekte seg ut i 1944 då det blei klart at Tyskland ikkje hadde klart å utvikle atomvåpen.
 
Rotblat var i 1955 med på oppropet som førte til Pugwash-konferansane, og seinare var han den sentrale skikkelsen i desse konferansane. Rotblat fekk Nobels fredspris i 1995 saman med Pugwash-rørsla.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011