Kjell Ingolf Ropstad
Kjell Ingolf Ropstad, barne- og familieminister og leiar av Kristeleg Folkeparti sidan 2019. Stortingsrepresentant for KrF for Aust-Agder sidan 2009, leiar av KrFU i 2007–10 og møtte som den yngste KrF-representanten nokon gong på Stortinget som 20-åring.
Kjell Ingolf Ropstad er fødd 1. juni 1985 i Arendal og voks opp på Evje i Aust-Agder. Han tok vidaregåande skule på Hornnes i 2001–02 og Drottningborg i Grimstad i 2002–04, tok 1. og 2. avdeling juss ved Universitetet i Oslo og har ein bachelorgrad i juss og økonomi frå Universitetet i Oslo i 2009.
Ropstad var medlem av Evje og Hornnes kommunestyre i 2003–07, medlem av Aust-Agder fylkesting i 2003–09 og leiar av komiteen for utdanning og helse i Aust-Agder fylkesting i 2007–09. Han var nestleiar i KrFU i 2005–07 og leiar i 2007–10. Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005–09, møtte første gong i 2006 og fekk fast plass på Stortinget for Kristeleg Folkeparti frå Aust-Agder for periodane 2009–21. Miljø- og utviklingspolitikk har lenge vore dei viktigaste områda hans.
Kjell Ingolf Ropstad var andre nestleiar i KrF frå 2017 til 2019, og han blei vald som leiar av partiet 27. april 2019. Sidan januar 2019 har Ropstad vore barne- og familieminister i fleirtalsregjeringa Solberg.
Kjelder
Peikarar
Her er Solbergs utvidede regjering, nrk.no
Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 29.04.2019