Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Riisnæs

Knut Riisnæs, fødd 1945, er jazzmusikar, saksofonist, fløytist og arrangør. Riisnæs er rekna som ein av dei fremste tenorsaksofonistane i Noreg, og han har vore svært aktiv i både inn- og utland.
Eigne plater er Flukt (1982), Confessin’ the Blues (1989), The Gemini Twins (1992, saman med Red Halloway), Knut Riisnæs/Jon Christensen featuring John Scofield/Palle Danielsson (1992) og Touching (2001). Knut Riisnæs fekk Buddy-statuetten i 1981.
Sjå Håvard Stubø Quartet, med Knut Riisnæs på saksofon:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.12.2013