Faktaboks

Knut Robberstad
Knut Ingebrikt Robberstad
Fødd
22. april 1899, Herdla (no Askøy), Hordaland
Død
31. juli 1981, Oslo
Verke
Rettshistorikar
Familie

Foreldre: Lensmann Magnus Robberstad (1867–1954) og Lydia Friis (1873–1939).

Gift 1928 med Eldrid Fjalestad (28.5.1898–8.5.1971), dotter til bonde Tellef Fjalestad (1861–1934) og Gunhild Væting (1862–1942).

Knut Robberstad
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC0 1.0

Knut Robberstad var ein norsk jurist. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1940 (utnemnd 1945) til 1969.

Robberstad arbeidde særleg med rettshistoriske, tingsrettslege og kyrkjerettslege emne; han gav mellom anna ut omsetjingar frå norrønt av Magnus Lagabøters bylov (1923) og Gulatingslovi (3. utgåve 1969), forutan Oreigningsvederlaget (1968), Rettsutferd (1969) og mange artiklar.

Han var formann i Noregs Mållag i 1952–1957 og i Sivillovbokutvalet av 1953.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Knut Robberstad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036701001265

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg