Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Robberstad

Knut Ingebrikt Robberstad, mållagsleiar og jurist.
Robberstad var fødd på Askøy 22. april 1899 og døydde 31. juli 1981. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1940 (utnemnd 1945) til 1969. Her arbeidde han særleg med rettshistorie, tingrett og kyrkjerett.
 
I tillegg til eigne studiar omsette han Magnus Lagabøtes bylov (1923) og Gulatingslovi (3. utg. 1969) frå norrønt.
 
Robberstad var formann i Noregs Mållag 1952–57 og i Sivillovbokutvalet av 1953. 
 
Kjelder
Olaf Almenningen o.fl.: Noregs Mållag 75 år. Oslo 1981
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010