Hopp til innhold
Kristian Tonning Riise. Foto: © Unge Høyre.
Kristian Tonning Riise. Foto: © Unge Høyre.
X
Innhald

Kristian Tonning Riise

Kristian Tonning Riise, politikar og leiar i Unge Høgre  2014–18. Unge Høgre er den politiske ungdomsorganisasjonen til partiet Høgre.

Kristian Tonning Riise er fødd 27. oktober 1988 i Stange kommune i Hedmark. Han var elev på musikklinja ved Stange videregående skole i 2004–2007, tok musikk- og teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole i 2008–09 og studerte grunnfag i idéhistorie ved Universitetet i Oslo i 2009–10.

Han var songar og guide ved Hedmarksmuseet i 2008, valkampmedarbeidar for Hedmark Høgre i 2009, praktikant i Civita hausten 2009, informasjonsrådgivar i Unge Høgres Landsforbund i 2010–11, prosjektmedarbeidar i Civita i 2011–14 og leiar i Unge Høgre  2014–18.

Tonning Riise var leiar av Hedmark Unge Høgre i 2008–10 og leiar av Stange Unge Høgre i 2011–12. Han var medlem av Unge Høgre sitt sentralstyre i 2012–14 og 2014–18. Riise trekte seg som leiar i Unge Høgre i januar 2018, eit halvt år før han skulle gå av. Grunngjevinga var at han ikkje hadde vore nok medviten rolla si som leiar i sosiale samanhengar. Han opplyste om at metoo-kampanjen, ein kampanje mot seksuell krenking som starta i 2017 i sosiale medium, var bakgrunnen for avgjerda. 

Tonning Riise er kommunestyrerepresentant for Høgre i Stange i 2011–19, medlem av fylkestinget for Hedmark i 2011–19, 1. nestleiar i Hedmark Høgre frå 2014 og 2. vararepresentant for Høgre frå Hedmark på Stortinget i 2013–17. Ved valet i 2017 var han førstekandidat til Stortinget for Hedmark Høgre og fekk fast plass på Stortinget. I perioden 2017–21 er han medlem av arbeids- og sosialkomiteen.

Politisk har Tonning Riise mykje politisk erfaring og er ei tydeleg ideologisk røyst. Han tør å ta debatten om legalisering av hasj, fjerning av fedrekvoten og kontantstøtta, reduksjon av stillingsvernet i arbeidslivet og lengre normalarbeidsdag.

I 2013 skreiv Tonning Riise bok om den dåverande presidenten i Venezuela Hugo Chávez, Diktator i forkledning.

Kjelder

«Stemmen fra Ilseng», Hamar Arbeiderblad 23.5.2014: http://www.h-a.no/debatt/leder/stemmen-fra-ilseng [lesedato 19.1.2015]

«Kristian Tonning Riise», ungehoyre.no: http://ungehoyre.no/menneskene/sentralstyret/les/p/kristian-tonning-riise/ [lesedato 19.1.2015]

Kristian Tonning Riise på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/kristian-tonning-riise-37b1711b/no [lesedato 19.1.2015]

Oda Ruggesæter Ertesvåg: «Leder for Unge Høyre trekker seg – sier Metoo-kampanjen har vært en vekker», nrk.no, publisert 11.1.2018: https://www.nrk.no/norge/leder-av-unge-hoyre-trekker-seg-_-metoo-kampanjen-har-vaert-en-vekker-1.13860735 [lesedato 11.1.2018]

Peikarar

Marie Melgård: «Unge Høyre vil fjerne fedrekvoten», dagsavisen.no, publisert 11.7.2014

«Går i strupen på Chávez», klassekampen.no, publisert 11.1.2013

«Kristian Tonning Riise om frihet på Høyres landsmøte 2014», youtube.com

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 30.01.2018