Hopp til innhold
Laila Marie Reiertsen. Foto: Stortinget.
Laila Marie Reiertsen. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Laila Marie Reiertsen

Laila Marie Reiertsen, sjukepleiar, lokalpolitikar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Hordaland i 2009–13 og er første vararepresentant i perioden 2013–17.

Laila Marie Reiertsen er fødd 19. oktober 1960 på Askøy i Hordaland. Ho var elev ved saumlinja ved Fana yrkesskole i 1976–77 og ved Os gymnas i 1991–92. Reiertsen utdanna seg til sjukepleiar ved Betanien sykepleierhøgskole i Bergen i 1992–95, og ho studerte leiing ved NKI i 1999–2001, filosofi og leiing ved Norsk Lærerakademi i 2006–08 og leiing ved BI frå 2014.

Ho var butikkmedarbeidar i 1979–80 og landpostbodbestyrar i Os i 1980–81. I 1985–88 var ho tilsett ved Skorpo feriehjem, og i 1988–91 var ho medarbeidar ved Marks & Spencer i Bergen. Etter endt sjukepleiarutdanning arbeidde Reiertsen som sjukepleiar ved Haukeland sjukehus i Bergen i 1995–99, ved Open omsorg i Bergen kommune i 2000–01 og ved Norlandia omsorg i Luranetunet i 2001–02. Mellom 2002 og 2006 var ho gruppeleiar ved Open omsorg, i 2006–07 einingsleiar i Helse Bergen og i føretaket NokTid i 2008. Frå 2009 til 2014 var ho tilsett som dagleg leiar ved Ravneberghaugen rehabiliteringssenter, og som HR-leiar frå 2014. Ho har vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Hordaland frå 2009.

I 1987–94 var ho leiar av Os FrP, kommunestyrerepresentant og medlem av formannskapet i Os i 1995–2011 og 2015–19. Reiertsen var varamedlem i fylkestinget i Hordaland i 2003–11 og nestleiar i Os FrP frå 2012. Ho var vararepresentant til Stortinget i 2005–09 og fekk fast plass i perioden 2009–13, då ho sat i arbeids- og sosialkomiteen. Ho miste plassen etter valet i 2013, men møtte fast i familie- og kulturkomiteen for statssekretær Gjermund Hagesæter frå hausten 2015 til hausten 2016. Eldreomsorg er den viktigaste politiske saka for Reiertsen.

Reiertsen var leiar i ungdomslaget Havglimt i 1979–81 og 1986–93. Ho har vore meddomar i lagmannsretten sidan 1991, hatt mange offentlege verv som politikar i Os og er nestleiar i Os Turnforening frå 2015. Reiertsen blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Laila Marie Reiertsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LRE [lesedato 9.3.2016]

Laila Marie Reiertsen på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/laila-marie-reiertsen-95783b59 [lesedato 10.3.2016]

Peikarar

Andris Hamre: «Laila tilbake på Stortinget», midtsiden.no

LNK Nytt: «Mobiliserer motstand», lnk.no

Først publisert: 24.03.2017
Sist oppdatert: 24.03.2017