Hopp til innhold

Leif Rygg

Leif Rygg, hardingfelespelar frå Voss, med ei rekkje landskappleiksigrar og med eige plateselskap.

Leif Rygg var fødd 3. mai 1940 på Voss og døydde 4. februar 2018. Han var utdanna landmålingsingeniør frå Stend jordskifteskule (1967) og arbeidde som landmålar i Ål i Hallingdal og sidan ved teknisk kontor i Voss kommune (1972–92).
Rygg byrja å spele hardingfele i niårsalderen, og han har hatt læremeistrar som Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og Anders Kjerland. Han blei spelemann på heiltid i 1992, då han saman med Knut Hamre, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes blei tilsett som fylkesmusikar i Hordaland. I perioden 1996–2003 var han ansvarleg for den nyoppretta «spelemannsskulen» ved Ole Bull-akademiet, ei toårig meisterklasse tilsvarande diplomnivå, som har til føremål å skape topputøvarar på hardingfele og vanleg fele. I 1998 var han med på å etablere ein tilsvarande kvedarskule same staden.
Rygg var med på kappleikar frå 1954 og har vunne A-klassa på landskappleiken fem gonger, i 1977, 1980, 1994, 1996 og 1999. I 1976 var han på turné i USA saman med Sigbjørn Bernhoft Osa, og han har òg opptredd i England (inkl. Orknøyane), Estland og Portugal. Han var leiar for Voss spelemannslag gjennom mange år.
Han blei utnemnd til æresmedlem i Landslaget for spelemenn i 1998. I 2010 fekk han Rådet for folkemusikk og folkedans sin ærespris for arbeidet sitt som spelemann og pedagog, og seinare same året fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.
På scena og i studio
Rygg har vore med på ei rekkje plateinnspelingar. I 1980 spelte han saman med Knut Hamre inn Nøringen. I 1985 gav han ut På spelarhaugen saman med sonen Steinar Rygg på hardingfele, som også var den første utgivinga på hans eige plateselskap og forlag, Spelarhaugen Folkemusikk. På same merket kom i 1990 Tonar på vandring, eit samarbeid med dei kinesiske musikarane Zhou Huilin på fiolin og Zhang Zhulian på det kinesiske instrumentet pipa. Plata inneheld fleire individuelle stykke for dei ulike instrumenta, men Rygg og dei kinesiske musikarane musiserer òg saman, til dømes på «Det er så fagert i Finnesloftet». Dei tre har ofte konsertert saman også i åra etterpå.
Saman med Knut Buen og Kåre Nordstoga gav Rygg i 1994 ut Bjølleslåtten. Slåttar etter Ola Mosafinn 1828–1912. Denne utgivinga blei heidra med spelemannsprisen. I 1995 gav han så ut si første soloplate, Lengt, som har namn etter Halldor Melands slått. Denne utgivinga gir eit representativt portrett av Rygg som spelemann. I tillegg til tradisjonsstoff frå Voss og Hardanger, inkludert slåttar av Meland og Sjur Helgeland, inneheld plata Rygg sine eigne komposisjonar, som «Maiblomsten. Til minne om Sigbjørn B. Osa», «Tiriltunga. Tileigna Evangerpølsa» og «Attobæro» (bakevja). I 2008 stod han bak utgivinga Budeiene på Vikafjellet. Slåttar og tonestykke etter Sjur Helgeland på sitt eige selskap, ei plate der også Håkon Høgemo, Berit Opheim, Einar Mjølsnes og fleire er med.
Kjelder
Knut Buen: «Hardingfelehøvdingen rundar seksti», Bergens Tidende 2.5.2000
Kjell Bitustøyl: «Kappleif'en: Intervju med Leif Rygg», Spelemannsbladet, nr. 6/2000

Leif Rygg, presentasjon, kulturnett.no, http://www.kulturnett.no/kunstner_og_artister/kunstner_og_artister.jsp?id=T12246616&pageid=5 [lesedato 10.4.2011]

Først publisert: 03.01.2012
Sist oppdatert: 12.02.2018