Hopp til innhold
X
Innhald

Ludwig Mies van der Rohe

Ludwig Mies van der Rohe, 1886–1969, var tysk-amerikansk arkitekt og ein av dei viktigaste på 1900-talet.

Van der Rohe leidde Bauhaus i 1930–33. I dei funksjonalistiske bygga sine lét han glas dominere. I 1919 teikna han utkast til skyskraparar, og han stod også for den tyske paviljongen på ei utstilling i Barcelona i 1929. Etter 1933 verka han i USA.

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016