Hopp til innhold
Mads Rage. Fotograf: Marie Sjøvold, henta frå samlaget.no. Nytta etter avtale.
Mads Rage. Fotograf: Marie Sjøvold, henta frå samlaget.no. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Mads Rage

Mads Rage, forfattar som skriv romanar der det burleske, humoristiske, fantasifulle, men òg alvorlege står sentralt.

Mads Rage er fødd 6. september 1982 i Bergen og er busett i Oslo. Han var elev ved Os gymnas i 1998–2001. Åra 2003 til 2006 var han student ved studieretninga Kommunikasjonsteknologi og nye medium ved Universitetet i Bergen. Rage studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2013–14.

Rage var konsulent i NextGenTel AS på Sandsli ved Bergen frå 2007 til 2013. Frå 2017 har han vore rådgivar i Politiets IKT-teneste i Oslo. Frå studietida i Bergen har han røynsle som produsent, journalist og fotograf frå Bergen Student-TV, studentavisa Studvest og det no nedlagde studentmagasinet AKA. Rage er aktiv på Twitter og Instagram.

Overdrivingar, forenklingar og ellevill fantasi kjenneteiknar Rage sitt fiksjonsunivers. I 2018 debuterte han med romanen Og skipet siglar vidare. Handlinga går føre seg om bord på ei seglskute i ei mystisk og postapokalyptisk tid. Tilsynelatande er mannskapet om bord dei siste og einaste menneska på jorda. Sjukdom rår, og mange døyr. Det er bøker om bord, men sidan ingen kan lese, kjem kunnskapen i bøkene lite til nytte. Dekksguten Poll er skuta sin vaskeansvarlege og hovudperson i romanen. Og skipet siglar vidare kan lesast som ein allegori, der skuta og mannskapet symboliserer jorda og sivilisasjonen.

Miklastaur (2019) er ein roman om Emmanuel Miklastaur, ein gut som veks opp i ei lita bygd. Han er fødd med ein enormt stor penis, noko som gir både gleder og utfordringar. Rage skriv fram eit burlesk, ellevilt og frodig univers, men med alvorlege undertonar. Dette er ei forteljing om det å vere annleis og å verte sosialt utstøytt. Men det går faktisk an å kjenne seg utanfor, vere ven med ein hest og samstundes greie å utrette noko i livet.

Rage er representert med noveller i Cappelen Damm sin debutantantologi Signaler 2014. Same året var han representert med prosautdrag i Fra det hvite hjørnet, Skrivekunstakademiets studentantologi.

Kjelder

E-post frå Mads Rage 6.10.2019

Karoline Henanger: «Tegn i tåka», vinduet.no, publisert 19.2.2019: https://www.vinduet.no/te/#more-1280 [lesedato 6.10.2019]

NRK, Studio 2: «Mads Rage», radio.nrk.no, publisert 1.10.2019: https://radio.nrk.no/podkast/studio_2/nrkno-poddkast-25559-159542-01102019152800 [lyttedato 6.10.2019]

Radio Nova, Tekstbehandlingsprogrammet: «Mads Rage og Miklastaur», soundcloud.com, publisert 2.10.2019: https://soundcloud.com/tekstbehandlingsprog/mads-rage-og-miklastaur [lyttedato 6.10.2019]

Nettstaden til Mads Rage, masd.no: http://masd.no/ [lesedato 6.10.2019]

Peikarar

Ingvild Bræin: «I vindstilla», dagogtid.no (krev abonnement) https://www.dagogtid.no/meldingar/i-vindstilla-6.3.5930.3856dfb959

Tora Sanden Døskeland: «Stor kuk i liten bygd», intervju, klassekampen.no (krev abonnement) https://dagens.klassekampen.no/2019-09-11/stor-kuk-i-liten-bygd

Leif Ekle: «Omvendt science fiction i sterk debut», nrk.no https://www.nrk.no/kultur/bok/omvendt-science-fiction-i-sterk-debut-1.14071932

Geir Rommetveit: «Ny roman der handlinga er lagt til Tysnes», tysnesbladet.no (krev abonnement) http://www.tysnesbladet.no/article/20190608/ARTICLE/190609981/1010

Først publisert: 20.11.2019
Sist oppdatert: 24.11.2019