Hopp til innhold
X
Innhald

Maurice Ravel

Maurice Ravel, 1875–1937, var fransk komponist innanfor impresjonismen. Ravel var ein meister i orkestrering.
Han skreiv mellom anna to klaverkonsertar (éin for venstre hand), Gaspard de la nuit og Miroirs for klaver, Bolero, La valse og Rhapsodie espagnole for orkester, balletten Daphnis et Chloé, songar og kammermusikk. Dessutan orkestrerte han Bilete frå ei utstilling av Musorgskij.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.05.2014