Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolaj Rimskij-Korsakov

Nikolaj Rimskij-Korsakov, 1844–1908, var russisk komponist og pedagog med fargerik orkestrering som kjennemerke. Rimskij-Korsakov var medlem av «den mektige vesle gruppa» og skreiv mellom anna orkesterverka Scheherazade, Capriccio espagnol, operaer og symfoniar.
 
Revisjonane hans av operaene til Musorgskij og Borodin hadde stor suksess, men er i våre dagar sterkt omdiskuterte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.05.2014