Hopp til innhold
X
Innhald

Oddlaug Reiakvam

Oddlaug Reiakvam, etnolog med eit spesielt blikk for kva eldre fotografi kan fortelje oss.

Oddlaug Reiakvam var fødd i Naustdal 16. september 1940 og døydde i Bergen 11. november 1996. Ho tok examen artium ved Firda offentlege landsgymnas på Sandane i 1960, før ho i 1964 tok eksamen ved Statens bibliotekhøgskule. I 1989 fullførte ho etnologi hovudfag, med sosialantropologi og folkloristikk i fagkrinsen. I 1995 vart ho dr.art., med avhandlinga Bilderøyndom – røyndomsbilete. Fotografi i kulturanalytisk perspektiv. Avhandlinga vart publisert i 1997, lettare omarbeidd av enkjemannen Atle Kittang.
Ho var knytt til Universitetet i Bergen heile yrkeskarrieren. Frå 1964 arbeidde ho fleire periodar ved Universitetsbiblioteket, frå 1982 ved biletsamlinga der. Ho var førsteamanuensis i etnologi ved Institutt for kulturhistorie og kulturvitskap frå 1995, og ved Etno-folkloristisk institutt frå 1996.
Studiet av bilete, først og fremst fotografi, var ei fagleg hovudinteresse for Reiakvam. Med fotografia som utgangspunkt skreiv ho innsiktsfullt om andre etnologiske felt, til dømes om turisme, natur og familieliv. Ho var språkleg stilsikker både skriftleg og munnleg. I 1997 vart utvalde artiklar og førelesingar samla i boka Etnologi av hjartans lyst.
Kjelder
Opplysningar frå Atle Kittang
Eva Reme og Torunn Selberg: «Forord», i Oddlaug Reiakvam: Etnologi av hjartans lyst. Bergen 1997
«Ny doktorgrad. Fotografiets kulturelle samanheng», uib.no, http://www.uib.no/info/dr_grad/95/juni/Reiakvam.html [lesedato 15.8.2011]

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 14.09.2011