Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Edvart Rølvaag

Ole Edvart Rølvaag, 1876–1931, var norsk-amerikansk forfattar, fødd i Dønna på Helgeland. Han utvandra til USA i 1896 og vart professor i norsk ved St. Olaf College i Minnesota. Rølvaag skreiv ei rekkje nybyggjarromanar, mellom andre syklusen I de dage frå 1924, Riket grundlægges frå 1925, Peder Seier frå 1928 og Den signede dag frå 1931. Bøkene er skrivne på norsk, men fleire er omsette til engelsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013