Faktaboks

Øystein Rosse
Fødd
24. juli 1956, Oslo

Øystein Rosse er ein norsk omsetjar av barnelitteratur. Rosse har sidan 1976 arbeidd frilans som omsetjar, konsulent og formidlar i bibliotek og skular, og har omsett meir enn 500 bøker.

Omsetjing

Rosse omsett bøker til bokmål og nynorsk frå engelsk, tysk, svensk og dansk.

Rosse har mellom anna omsett ungdomsseriane Cherub-agentane av Robert Muchamore frå engelsk, og Skammarserien og Katrionaserien av Lene Kaaberbøl frå dansk.

Utmerkingar

Rosse har fått Kulturdepartementets omsetjarpris for barnelitteratur i 1984, 1987, 1990 og 2003 for omsetjingar av svenske Max Lundgren, engelske Michael Page, kanadiske Welwyn Wilton Katz og danske Lene Kaaberbøl til nynorsk. Han fekk Bastianprisen i 2002.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg