Hopp til innhold
Teikeserieskapar Øystein Runde. Foto: Alexander Qvale Gilje/ Gyldendal Norsk Forlag
X
Innhald

Øystein Runde

Øystein Runde (f. 1979 i Ulstein) er teikneserieskapar. Han har laga figuren Bjartmann (fleire seriar frå 2004), ein nynorsk superhelt som kan likna litt på Supermann og Spiderman, men teiknaren tilfører heile tida ein god dose humor og ironi. 

Det same gjer han i teikneserieromanen Soga om Olav Sleggja (2009), som utleverer valdsbruken i sagatradisjonen. Runde har også mora seg med å laga zombi- og agenthistorier om Dei fire store i norsk litteratur.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018