Hopp til innhold
Foto: Nikita Solenov
Foto: Nikita Solenov
X
Innhald

Øyvind Rimbereid

Øyvind Rimbereid, forfattar og tidlegare undervisningsleiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, skriv særmerkte, originale og utfordrande bøker.

Øyvind Rimbereid er fødd 2. mai 1966 i Stavanger og er busett i Bergen. Han er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Bergen (1994) og skreiv hovudoppgåve med tittelen – som når et menneske kommer på noe det har glemt. En lesning av Göran Sonnevis «Sjostakovitj», 1976. Rimbereid arbeidde i fleire år som undervisningsleiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, fram til 2013.

Han debuterte i 1993 med novellesamlinga Det har begynt. Han har seinare skrive noveller, romanar, dikt og essay. Romanen Som solen vokser kom i 1996, så følgde novellesamlinga Kommende år (1998), diktsamlingane Seine topografiar (2000), Trådreiser (2001) og Solaris korrigert (2004), som er skriven på eit oppdikta framtidsspråk om dagleglivet i 2480. Diktsamlinga fekk mykje merksemd og særs gode kritikkar då ho kom ut.

Essaysamlinga Hvorfor ensomt leve kom i 2006. Den samfunnskritiske diktsamlinga Herbarium (2008) fekk òg mykje positiv omtale, fekk Brageprisen og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.

For diktsamlinga Jimmen (2011) var Rimbereid nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2012. Handlinga i det episke diktet er lagt til Stavanger og 1970-talet, der forteljarrøysta vekslar mellom ein arbeidshest og eigaren hans som tømmer skylledunkar. Diktsamlinga Orgelsjøen blei gitt ut i 2013.

I tillegg har Rimbereid medverka i ulike antologiar. Han har stor språkkjensle og språkkompetanse med eit stort register i form og innhald, observasjonane hans er detaljerte, og han fornyar stadig det litterære uttrykket sitt.

Han fekk Sult-prisen (2001), Den norske Lyrikklubbens pris (2002), Kritikarprisen (2004 og 2013), Årets dikt (2004), Brageprisen (2008), Doblougprisen (2010), N.C. Kaser-Lyrikpreis (2010), Gyldendalprisen (2013) og Diktartavla (2017). Eit utval av dikta og novellene hans er omsett til fleire språk. Rimbereid skriv både bokmål og nynorsk.

Kjelder

Øyvind Rimbereid, forfattarside, Gyldendals.nohttp://www.gyldendal.no/Forfattere/Rimbereid-OEyvind [lesedato 11.3.2011]

Peikarar

Nominasjon til Nordisk råds litteraturpris 2012

Om Solaris korrigert i Vagant

«Historien synger i orgelet», nrk.no

«Rimbereid vant Gyldendalprisen», nrk.no

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018