Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Emil Rynning

Paul Emil Rynning, salmehistorikar og prest. Han publiserte fleire arbeid om norsk salmedikting og gjorde eit stort arbeid med Norsk salmeleksikon, som kom ut posthumt.

Paul Emil Rynning var fødd 14. juni 1890 i Moss og døydde 28. desember 1951 i Løten. Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1908 og krigsskulen første klasse året etter. I 1914 tok han teologisk embetseksamen og praktisk-teologisk eksamen ved Universitetet i Oslo. Han vart ordinert i Tromsø i 1915. Frå same året var han kateket i Vadsø, deretter sokneprest i Hornindal i 1917–24 og sokneprest i Hommedal i Agder i 1924–36. I 1936 vart han sokneprest i Løten, der han var til han døydde. Frå 1946 var han òg prost i Hedmark prosti.
I 1928 fekk Rynning Kongens gullmedalje for ei oppgåve om salmediktinga i Noreg i tida 1824–1869. Sidan var studiar i salmehistoria ei hovudinteresse for han. Med stipend frå universitetet gjorde han i 1930 ei studiereise til Danmark og Tyskland for å studere salmehistorie. I 1930- og 40-åra publiserte han fleire salmehistoriske artiklar i Norsk Teologisk Tidsskrift. Tobandsverket Salmediktingi i Noreg (1954) og Norsk salmeleksikon (1967) vart utgitt posthumt. Særleg er det grunn til å framheve det maurflittige arbeidet han gjorde med salmeleksikonet – før dataalderen. Rynning må reknast som ein av dei sentrale hymnologane i Noreg. Dessutan både omsette og skreiv han eigne salmar, publiserte i samlinga Salmar og kvæde (1955).
Rynning hadde allsidige interesser. Han var med på å skipe Vadsø Mannskor i 1916, som han òg dirigerte, og Finnmarkens Sangerforbund same året. I Hornindal sette han i gang og dreiv mellomskule, og han var med på å opprette Firda Gymnas i Gloppen i 1922.
Kjelder
Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
Paul Emil Rynning: Salmediktingi i Noreg. Frå dei fyrste kristne tider i vårt land og fram mot vår tid, bd. I–II. Oslo 1954
Paul Emil Rynning: Salmar og kvæde. Originale og omsette. Oslo 1955
Paul Emil Rynning: Norsk salmeleksikon. Oslo 1967
Studentene fra 1908. Biografiske oplysninger samlet til 25-års-jubileet. Oslo 1933
Peikarar

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 07.06.2012