Faktaboks

Per Riste
Fødd
20. februar 1846, Sande, Møre og Romsdal
Død
1930, Volda, Møre og Romsdal

Per Riste var lærar, gardbrukar, målmann og norskdomsmann. Han oppretta «målskule» i Volda, der han saman med kona Synnøve Riste og Rasmus Steinsvik stod i spissen for eit radikalt miljø i målrørsla.

Bakgrunn

Per Riste var fødd i Sande på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal og døydde i Volda i Møre og Romsdal. Han voks opp i små kår, men var gåverik og fekk studere ved Volden høiere Almue- og Lærerskole i åra 1861–1863 og ved Stord seminar i 1868–1870. Så var han lærar i Gursken i heimkommunen i fleire år.

Målsaka

På Stord vart han tilhengjar av målsaka, og eit par år etterpå reiste han rundt som «skreppekar» for å selje bøker og agitere for landsmålet. I 1875 vende han tilbake til Volda som lærar. Ved sida av stillinga i folkeskulen starta han ein kveldsskule i det nye landsmålet. Mellom elevane der var Synnøve Aarflot. Dei gifte seg i 1881 og flytta til Sande, der han verka som lærar og kyrkjesongar.

I 1884 flytte dei tilbake til Volda og kjøpte seg ein gard på nedre Rotset, «Riste-garden». Rasmus Steinsvik frå Dalsbygda i Volda, som i 1887 starta den radikale nynorskavisa Vestmannen, vart snart ven med ekteparet Riste. Dette trekløveret stilte seg i brodden for eit radikalt norskdomsmiljø i Volda, som i siste del av 1880-åra kom i skarp motsetning til dei pietistisk kristne på staden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidun Høydal: «Det kulturradikale trugsmålet – eit tildriv til etableringa av Voldens Privatseminarium», Volda Lærarskule 1895–1995. Volda 1995

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg