Hopp til innhold
X
Innhald

Per Riste

Per Riste, lærar, gardbrukar, målmann og norskdomsmann, oppretta «målskule» i Volda, der han saman med kona Synnøve Riste og Rasmus Steinsvik stod i spissen for eit radikalt miljø.

Per Riste var fødd i Sande på Søre Sunnmøre 20. februar 1846 og døydde i Volda i 1930. Han voks opp i små kår, men var gåverik og fekk studere ved Volden høiere Almue- og Lærerskole i åra 1861–63 og ved Stord seminar i 1868–70. Så var han lærar i Gursken i heimkommunen i fleire år.
På Stord vart han tilhengjar av målsaka, og eit par år etterpå reiste han rundt som «skreppekar» for å selje bøker og agitere for landsmålet. I 1875 vende han tilbake til Volda som lærar. Ved sida av stillinga i folkeskulen starta han ein kveldsskule i det nye landsmålet. Mellom elevane der var Synnøve Aarflot. Dei gifte seg i 1881 og flytta til Sande, der han verka som lærar og kyrkjesongar.
I 1884 flytte dei tilbake til Volda og kjøpte seg ein gard på nedre Rotset, «Riste-garden». Rasmus Steinsvik frå Dalsbygda i Volda, som i 1887 starta den radikale nynorskavisa Vestmannen, vart snart ven med ekteparet Riste. Dette trekløveret stilte seg i brodden for eit radikalt norskdomsmiljø i Volda, som i siste del av 1880-åra kom i skarp motsetning til dei pietistisk kristne på staden.
Kjelder
Reidun Høydal: «Det kulturradikale trugsmålet – eit tildriv til etableringa av Voldens Privatseminarium», Volda Lærarskule 1895–1995. Volda 1995

Først publisert: 28.02.2014
Sist oppdatert: 12.12.2017