Hopp til innhold

Ragna Rusten

Ragna Bleken Rusten, lærar, skribent og forfattar som vigde livet sitt til fredsarbeid, kvinnespørsmål og målsak.

Ragna Rusten var fødd 21. februar 1896 i Fåberg i Oppland og døydde i Moss 22. desember 1979. Etter at ho var uteksaminert frå Notodden lærarskule i 1917, arbeidde ho som lærar i Nannestad og Fåberg. Ho gifta seg i 1921, slo seg ned i Rygge og etter kvart i Moss, der ho var husmor, frilansskribent og forfattar. Ho skreiv artiklar og skjønnlitterære tekstar i aviser og tidsskrift som For Bygd og By og Nynorsk Vekeblad. Ho var ein populær foredragshaldar og heldt nokre kåseri i NRK.
Under psevdonymet Sváva debuterte ho i 1946 med novellesamlinga Doggfall. Ho publiserte sidan fire bøker under fullt namn. I 1956 kom novellesamlinga Andlet til andlet. Mest interesse skapte romanen Bakgrunn (1964), om ei morlaus ungjente. Novellesamlinga Ein bodskap sendt med vinden følgde fire år seinare. Siste boka hennar var romanen Det er i deg det skjer (1973).
Litteraturen skulle ha ein oppbyggjeleg funksjon etter Rustens syn. Omsorg og sosialisering er sentrale motiv i mange av tekstane hennar. Handlinga er gjerne henta frå bygdemiljø i mellomkrigstida, og miljøskildringane har kulturhistorisk interesse. Ho skreiv på eit dialektfarga nynorsk, ofte med innslag av gudbrandsdalsmål.
Rusten var aktiv i Noregs Mållag og medlem av Austmannalaget, og ho tok del i språkdebatten i ulike fora. Ho var kritisk til angloamerikansk påverknad på norsk språk og kultur og interesserte seg for den nære samanhengen mellom morsmål, sjølvkjensle og identitet.
Mykje av tida si nytta ho til humanitært arbeid. For å hjelpe foreldrelause barn i Armenia starta Rusten Armeniamisjonen i Rygge i 1926, der ho var aktiv fram til 1970. Ho var elles styremedlem i Moss kvinneråd, og ho var særleg oppteken av å synleggjere kvinners innsats og nødvendige rolle i fredsarbeid og u‑landsspørsmål.
Rusten vann ein novellekonkurranse i Den 17de Mai for novella «Sonetapet». For debutboka fekk ho Statens forfattarstipend i 1947.
Kjelder
Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Brit Skurdal: Ragna Rusten. Liv og dikting. Hovudoppgåve i nordisk. Universitetet i Trondheim 1983
Anna Vadla: «Ragna Rusten til minne», Moss Avis 27.12.1979
Halldis Moren Vesaas: «Bøker om barndom», Syn og Segn 1965
Peikarar

Først publisert: 08.02.2013
Sist oppdatert: 26.05.2017