Hopp til innhold
Ragna Rytter. Foto: Olaf Sødahl. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
Ragna Rytter. Foto: Olaf Sødahl. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
X
Innhald

Ragna Rytter

Ragna Sofie Rytter, forfattar. Ho tok til med å dikte på dansk og enda som mor til den moderne trønderbunaden for menn.

Rytter var fødd i Verdal 26. juli 1885 og døydde 7. januar 1972. Ho tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1919 og var sidan lærar på Gauldal folkehøgskule i alle år.
 
Ho redigerte fråhaldsbladet Solveg 1932–54.
 
Rytter debuterte med diktsamlinga Fjeldets sange (1910), der dei fleste dikta var på dansk, men frå og med den neste boka, Arbeid og draum (1915), skreiv ho fire diktsamlingar på landsmål. Den siste var Vers langs vegen (1959). Ein viktig studie er det vesle skriftet Elisabeth Edland (1957), om ein kvinneleg pioner i fråhaldsrørsla.
 
I 1950-åra sette Rytter saman mannsdrakta til trønderbunaden frå Gauldalen.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013