Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnar Rommetveit

Ragnar Rommetveit, professor emeritus i psykologi frå Universitetet i Oslo. I psykolingvistiske fagmiljø har han markert seg internasjonalt.

Ragnar Rommetveit er fødd på Stord 11. juli 1924. Han tok lærarskuleeksamen på Stord i 1947 og magistergraden i psykologi i 1950 ved Universitetet i Oslo. I 1953 vart han dr.philos., med avhandlinga Social Norms and Roles. Frå 1951 var han universitetsstipendiat, frå 1954 dosent og frå 1959 og fram til pensjonsalderen professor i psykologi ved Universitetet i Oslo. Han har vore gjesteprofessor ved amerikanske og europeiske universitet.
Rommetveit har publisert fleire bøker, mellom dei Ego i moderne psykologi (1958), Words, Meanings and Messages (1968), Språk, tanke og kommunikasjon (1972) og Språk, individuell psyke og kulturelt kollektiv (2008). Saman med Rolv Mikkel Blakar har han redigert Language, Thought and Verbal Communication (1979). Han har òg skrive artiklar og vore redaksjonsmedlem i internasjonale fagtidsskrift, men siktar ofte utover eit reint fagleg miljø.
I Syn og Segn skreiv han alt i 1967 artikkelen «Psykolingvistikk. Ny vitskap i eit grenseland», der han introduserte det nye forskingsfeltet, som var sprunge ut frå Harvard-universitetet i USA. Sjølv om Rommetveit har publisert delar av den vitskaplege produksjonen på engelsk, har han vore mellom dei første til å styrkje nynorsken si stilling som fagspråk innanfor psykologien.
Rommetveit har vore ei drivkraft i det tverrfaglege psykolingvistiske forskingsmiljøet både i Noreg og internasjonalt. I 1960-åra engasjerte han seg i European Association of Experimental Social Psychology. Han hadde eit æresprofessorat (Andrew D. White professor-at-Large) ved Cornell University frå 1977 til 1983.
Kjelder
Ragnar Rommetveit: «Individ, sosial innstilling og ideologi», Syn og Segn 1960 Ragnar Rommetveit: «Psykolingvistikk. Ny vitskap i eit grenseland», Syn og Segn 1967
Ragnar Rommetveit: Språk, tanke og kommunikasjon. Ei innføring i språkpsykologi og psykolingvistikk. Oslo 1972
Ragnar Rommetveit: «Refleksjonar over sosiolingvistisk teori og eit felles-fundament for tverrfagleg språkforsking», i Jo Kleiven (red.): Språk og samfunn. Bidrag til en norsk sosiolingvistikk. Oslo 1979
Solveig Øye: «Eg samtalar, altså er eg», intervju med Ragnar Rommetveit, Apollon nr. 4, 1999
Rolv Mikkel Blakar: «Ragnar Rommetveit», NBL-artikkel, snl.no: http://snl.no/.nbl_biografi/Ragnar_Rommetveit/utdypning [lesedato 9.6.2011]
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 02.07.2012