Faktaboks

Rasmus Rasmussen
Rasmus Olai Rasmussen
Fødd
4. november 1862, Molde, Møre og Romsdal
Død
17. juli 1932, Oslo
Verke
Teatersjef og skodespelar
Familie
Foreldre: Skipsførar Chrispinus Martinus Rasmussen (1832–74) og Anna Helene Carlsen (f. 1834). Gift 7.3.1892 i Bergen med skodespelar Cathinka Emilie Johannessen (10.7.1863–25.1.1937), dotter til musikar Eilert Peter Holck Johannessen (1837–1918) og Karen Iversdatter Lie (f. 1835).

Rasmus Rasmussen var ein særmerkt formidlar av norsk kultur, som teatersjef, skodespelar, instruktør og songar.

Rasmussen hadde ein mangfaldig karriere. Han var kopist på amtskontoret i Romsdal og arbeidde hos den originale bergenskjøpmannen Hans D. Martens, før han 18 år gammal drog til Amerika, der han ei tid sleit hardt som tømmerhoggar. 1885 fekk han jobb som skodespelar og teatermålar i ein omreisande tysk skodespelartrupp. Men heimlengten dreiv han tilbake til Noreg. 1887 debuterte han på Den Nationale Scene som Møller i den danske songfarsen En pokkers Tøs av Erik Bøgh.

Rasmussen vart ein populær og mykje nytta skodespelar i eit vidtfemnande repertoar: Den kraftfulle karakterskodespelaren slo til i så ulike roller som Ørnulf i Hærmændene på Helgeland, Thygesen i Geografi og Kjærlighed og John Gabriel Borkman. Den burleske komikaren falda seg ut i ei rad Holberg-roller: Jeppe, Kannestøyparen, Jacob von Tyboe og Ridefuten i Erasmus Montanus. Rasmussen skapte òg fleire særmerkte Ibsen-tolkingar: Hertug Skule, doktor Relling, bisp Nikolas. Og han hadde hovudroller i nye skodespel av Gunnar Heiberg, Peter Egge og Hans Aanrud.

Han var ein framifrå songar og var berande kraft i operaer, operetter og songspel, t.d. som Steingjesten i Don Juan og Vicomte Cascada i Den glade enke. 1891 fekk han høve til å ta røystopplæring hos den kjende pedagogen Fritz Arlberg i Stockholm, og etter det vart han òg solist i Harmonien og ved ei rad kyrkjekonsertar.

Rasmussen hadde sterke åndelege interesser. Han følgde ei nasjonal-religiøs linje. Denne utviklinga førte til at han slutta i Bergen 1910. Dei neste to åra reiste han landet rundt med eit rikt repertoar av salmar og folkeviser. Den glødande songaren og humoristen – som òg var ein framifrå opplesar – vart landskjend.

Da Rasmussen 1912 fekk tilbod om å bli den fyrste teatersjefen på Det Norske Teatret, makta han ikkje å seia nei. Dei to åra han var sjef, la han eit viktig grunnlag for nynorskscenen. “Han var ein far og ein førar for den unge flokken han reiste kringum i landet med på slitsame, men ærerike spelferder. Han var det faste midtpunktet i spelbolkane i Oslo alt frå dei fyrste kveldane med motbør og storm, til dei tidene kom då uveret la seg,” skreiv Oskar Braaten i 25-årssoga til DNT.

Rasmussen satsa på eit folkeleg nasjonalt repertoar, og han spela sjølv sentrale roller: Den fule egoisten Simo Sagi i Bjørnefjell av Olav Hoprekstad, Ola i Bakken i Ervingen, Lars Bøan i Rationelt Fjøsstell, Doktoren i Ungen. Som Paulus Hove i Læraren gav han eit gripande bilete av ein mannehug i strid. Men den store rolla i karrieren var Jeppe. Her hadde Rasmussen funne fram til ei personleg tolking av den sjællandske bonden. Sterkare enn vanleg la han vekt på det gløgge folkevitet.

Rasmussen skapte eit godt grunnlag for nynorskscenen i dei to åra han var sjef, men økonomiske vanskar gjorde at han 1916 valde å ta imot tilbodet om å bli sjef for Trondhjems Scene (Trøndelag Teater). Her òg la han vekt på eit nasjonalt repertoar, både klassisk og moderne. Og han spela sjølv sentrale roller: Lundestad i De Unges Forbund, John Gabriel Borkman og Dovregubben hos Ibsen, Thygesen i Bjørnsons Geografi og Kjærlighed og hovudrolla i Den innbilt syke av Molière.

Rasmussen vart rekna som ein av dei fremste karakterskodespelarane i samtida, og da han slutta som teatersjef 1923, gjesta han fleire scener, m.a. spela han Thurman i Geografi og Kjærlighed mot Bjørn Bjørnson som Professor Thygesen på Centralteatret 1930. Den siste rolla hadde han på Det Nye Teater året etter, som Ein russisk prest i revolusjonsdramaet Korset fra Perm.

Rasmussen arbeidde òg som instruktør. Han sette i scene fleire stykke der han sjølv hadde hovudrolla, m.a. Jeppe. Men det var som skodespelar han gjorde hovudinnsatsen. På scenen var han ei kraft av dei sjeldsynte, ein karakterkomikar med ekte folkeleg lune.

Kilder og litteratur

  • Sal, 2. utg., bd. 19, 1925
  • HEH 1930
  • O. Braaten: Det Norske Teatret. Dei fyrste femogtjuge åra. 1913–1938, 1938
  • O. Øisang: Teater i Trondheim gjennom 125 år, Trondheim 1941
  • O. M. Sandvik: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963, 1963
  • A. Aarseth: Den Nationale Scene 1901–31, 1969
  • Jensson, 1981
  • arkivet på Det Norske Teatret

Portretter m.m.

  • Måleri (brystbilete) av ukjent kunstnar, u.å.; Det Norske Teatret, Oslo
  • Byste (bronse) av Trygve Thorsen, u.å.; sst