Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Reed

Rasmus Reed, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, formidlar kunnskap om musikk til musikkstudentar, amatørmusikarar og avislesarar i Rogaland.

Rasmus Reed er fødd 10. februar 1947 i Breim i Nordfjord. Han fullførte musikklinja ved lærarskulen i Bergen i 1970 og tok same året mellomfag i musikk ved Universitetet i Trondheim. Reed har diplomeksamen i satslære og høyrelære frå Noregs musikkhøgskole frå 1975. Han har òg ein doktorgrad, med musikkpsykologi og interpretasjon som tema, frå University of Sheffield, Music Department i 2006.
I 1975 vart Reed tilsett ved Rogaland Musikkonservatorium, først som høgskulelektor og i perioden 1987–94 som undervisningsleiar. Reed er i dag førsteamanuensis og underviser i teoretiske fag og direksjon ved Universitetet i Stavanger.
Sidan 1982 har han òg vore musikkritikar i Stavanger Aftenblad. Parallelt har han gjort ein innsats for det frivillige musikklivet, som dirigent, arrangør og komponist for ulike kor, korps og amatørsymfoniorkester. Han har vore dommar i musikkonkurransar og sensor ved andre utdanningsinstitusjonar. Reed har òg vore styremedlem i Norges Korforbund Rogaland og Norsk skoleorkesterforbund. I 1976 var han med på å stifte Ny musikk, avdeling Rogaland, der han fungerte som formann til 1980.
Kjelder
Rasmus Reed, e-post, 1.12, 3.12 og 6.12.2010

Først publisert: 02.02.2012
Sist oppdatert: 02.02.2012