Hopp til innhold
Sergej Rakhmaninov fotografert rundt 1921. Foto: Kubey Rembrandt Studios. Kjelde: loc.gov. Arkivnr.: LC-USZ62-103112. Ingen kjende restriksjonar.
Sergej Rakhmaninov fotografert rundt 1921. Foto: Kubey Rembrandt Studios. Kjelde: loc.gov. Arkivnr.: LC-USZ62-103112. Ingen kjende restriksjonar.
X
Innhald

Sergej Rakhmaninov

Sergej Rakhmaninov var ein russisk musikar, ofte rekna som ein av dei fremste pianistane på 1900-talet og som den siste store romantiske komponisten.

Sergej Vasiljevitsj Rakhmaninov var fødd 1. april 1873 i Novgorod i Russland og døydde 28. mars 1943 i Beverly Hills, USA. Han kom frå ein aristokratisk familie, med ei rekkje amatørmusikarar på farssida. Frå 1885 til 1892 studerte han ved konservatoriet i Moskva, under mellom andre Anton Arenskij og Sergej Tanejev.

Rakhmaninov vann tidleg heider, særleg gjennom opus 3 frå 1892, skrive medan han framleis var tenåring. Ciss-moll-preludiet (op. 3/2) frå dette verket vart så populært og etterspurd at han seinare uttalte at han angra på nokon gong å ha skrive det.

Den tidlege medgangen førte til at Rakhmaninov tok slakten av den første symfonien i 1897 (op. 13) svært tungt, og han komponerte ikkje på fire år. Dette markerer slutten på den første perioden i den gjengse tredelinga av verka til Rakhmaninov.

I den andre perioden, frå 1900 til 1917, komponerte Rakhmaninov dei fleste av dei mest kjende verka sine – andre (op. 18) og tredje (op. 30) klaverkonsert og korverket Vespermesse (op. 37), for å nemne nokre. Sjølv om Rakhmaninov stilmessig var makelaust konsistent gjennom heile karrieren, kan ein gjennom denne andre perioden skimte ei gradvis rørsle frå hans mest melodiske og svulstige lyrisisme mot eit noko strammare og meir kromatisk tonespråk. Dette tonespråket vart ført vidare i den neste perioden.

Den aristokratiske bakgrunnen til Rakhmaninov gjorde at han såg seg nøydd til å forlate Russland i all hast etter oktoberrevolusjonen i 1917. Etter ein turné i Skandinavia la han frå kai i Oslo 1. november 1918. Familien utvandra til USA, der Rakhmaninov slo seg opp som konsertpianist for å forsørgje familien. I den påfølgjande tredje perioden, frå 1917 til han døydde i 1943, komponerte han berre seks nye verk (op. 40–45). Grunnen til denne tørken var dels det tette konsertprogrammet, dels det sjølvpåførte eksilet, og dels at den konservative romantiske stilen hans med tida møtte mindre og mindre aksept i kritikarverda.

Ryet hans som komponist fekk ein oppsving frå og med 1970-åra. I dag er han gjerne rekna som ein av dei aller største romantiske komponistane, framfor alt innanfor klaverkonsertformatet.

I tillegg til å høyre til romantikken, var Rakhmaninov inspirert av kyrkjemusikk, russisk folkemusikk, sigøynarsong og etter kvart jazz, og han var særleg influert av komponistane Pjotr Tsjajkovskij og Anton Arenskij. Rakhmaninov har utvilsamt inspirert mange sjølv, men hans eigen påverknad på utviklinga av den klassiske musikken er minimal.

 

Kjelder

Robert Cunningham: Sergei Rachmaninoff. A Bio-Bibliography. London 2001

Barrie Martyn: Rachmaninoff: Composer, Pianist, Conductor. New York 1990

Richard Taruskin: Music in the Early twentieth Century (Oxford History of Western Music). Oxford 2010

Tom Service og Ben Whalley: The Joy of Rachmaninoff. BBC-dokumentar. London 2015

 

Peikarar

«Sergei Rachmaninoff», verkliste og notar frå International Music Score Library Project, imslp.org

Rachmaninoff Network, artiklar, videoar, biletarkiv osv., rachmaninoff.org

Sergej Rakhmaninov: Complete RCA Recordings, spotify.com

Rakhmaninov-innspelingar på YouTube, youtube.com


Sist oppdatert: 05.10.2020