Hopp til innhold
Sigurd Rønnekleiv. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sigurd Rønnekleiv. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Sigurd Rønnekleiv

Sigurd Rønnekleiv var ein forfattar som mange hadde store voner til, men han døydde berre 26 år gamal.

Sigurd Rønnekleiv var fødd 1. juni 1906 i Hyen (Gloppen kommune) og døydde 30. april 1932 på sjukehus i Bergen. Han voks opp i ein heim med sterk kristentru, hadde boklege interesser heilt frå ungdomen av og bestemte seg tidleg for å gå skulevegen. I 1924–25 gjekk han Nordfjord Folkehøgskule på Vereide, og året etter byrja han på lærarskulen i Volda. Men på vårparten første skuleåret fekk han tuberkulose og måtte slutte på skulen. Det følgde år med sjukdom og institusjonsopphald, før han døydde i april 1932. Året etter gav familien ut eit utval av tekstane hans, Haust i vår. Poesi og prosa. I ei ny utgåve frå 1949 er det gjort nokre endringar, både i utval og i rekkjefølgje av tekstane.

Haust i vår er ei samling med dikt, prosatekstar og aforismar. Samlinga viser eit tydeleg spenningsforhold mellom ei personleg gudstru og ein kritisk samfunnspessimisme. Vi finn dikt til heimbygda og naturstemningar, men også religiøse og filosofiske tekstar, ved sida av tekstar som uttrykkjer sterk uro over den vegen samfunnet går, utan klare åndelege verdiar. Materialisme, konkurranse og overflatiske verdiar set preg på samtida og fører lite godt med seg. Ikkje uventa finn vi òg tekstar som tematiserer den personlege situasjonen hans, tekstar som stiller spørsmål om meininga med sjukdom og død for eit ungt menneske. Trøysta finn forfattaren i ei sterk gudstru.

Kjelder

Ove Eide: «Eit lokalt diktarjubileum: Sigurd Rønnekleiv 100 år», Ljøren. Sogeskrift for Gloppen, s. 56–58. Sandane 2006

Bjarte Sindre: «Sigurd Rønnekleiv – ein gløymd diktar», Sogn og Fjordane magasin nr. 4, 1989. Naustdal 1989

Peikarar

Sigurd Rønnekleiv: Haust i vår. Sandane 1933. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Forfattarside om Sigurd Rønnekleiv på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»

Først publisert: 13.06.2018
Sist oppdatert: 13.06.2018