Hopp til innhold
X
Innhald

Siri Rom

Siri Rom, teaterskodespelar i femti år, gjorde eit hundretals roller i ulike sjangrar og hadde som motto: «Eit teater i kamp og ei verd i fred».

Siri Rom var fødd i Oslo 17. mars 1918 og døydde same staden 13. november 2002. Etter mellomskulen gjekk ho i teaterlære ved Søylen Teater i Oslo og debuterte der i 1939. Etter tre år ved Trøndelag Teater (1940–43) var ho ved Det Nye Teater i Oslo i 1944–45. Frå 1946 til 1988 var ho tilsett ved Det Norske Teatret.
Gjennombrotet som skodespelar hadde ho som Gunvor i Trost i taklampa i 1952. Stykket vart sett opp att i 1957, med Rom i den same rolla. Oppsetjingane vart ein publikumssuksess, med i alt 252 framsyningar. Ho spela òg i andre norske klassikarar, mellom anna Ungen og Bør Børson jr. I 1980 var ho Marte i det historiske stykket Anne Pedersdotter.
Rom var ofte å finne i dramatiske roller. Ved Det Norske Teatret spela ho i 1954 ei av systrene i Anton Tsjekhovs Tre systrer, året etter regimenthore i Mor Courage, av Bertolt Brecht. I 1960 hadde ho hovudrolla i Kom tilbake, vesle Sheba, av William Inge, i 1961var ho ei av kvinnene i Mannen som kom, eit thrillerdrama av Ugo Betti. I fire teateroppsetjingar hadde Rom sjølv regiansvaret.
Utanom teaterverksemda var Rom ein mykje nytta filmskodespelar, som oftast i mindre roller. Den første filmen ho spela i, var Rikard Nordraak, frå 1945, den siste Secondløytnanten, frå 1993. På sine eldre dagar var ho nokre år kulturarbeidar i Valdres, mellom anna som opplesar av lokale lyrikarar.
Kjelder
Telefonsamtale med Brita Rogde 6.2 2012
Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988
Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 1913–1963. Oslo 1963

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 02.07.2012