Hopp til innhold
Synnøve Riste, 1880. Ukjend fotograf.
Synnøve Riste, 1880. Ukjend fotograf.
X
Innhald

Synnøve Riste

Synnøve Riste, målkvinne og redaktør. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk, og ho vikla seg inn i eit trekantdrama som fekk kulturhistoriske følgjer.

Riste blei fødd i Volda 19. august 1858 og døydde 22. oktober 1889. Riste, fødd Aarflot, var elev på ein kveldsskule i landsmål som Per Riste dreiv i Volda, og på sommarkurs for jenter på Vonheim folkehøgskule. I 1881 gifta ho seg med landsmålslæraren sin, og tre år seinare busette dei seg i Volda.
 
Sommaren 1885 sette dei i gang målskule heime på garden, og året etter dreiv Rasmus Steinsvik folkehøgskule same staden. Med statsstøtte frå 1887 kom dette undervisningstilbodet inn i fastare former, fram til det tok slutt hausten 1888.
 
25. oktober 1887 kom første nummeret av Vestmannen ut, med Steinsvik som redaktør. Denne første lokalavisa på landsmål blei til etter initiativ frå Synnøve Riste. Dei to kom tett på kvarandre, og då Ivar Mortensson-Egnund vinteren 1889 bad Steinsvik kome og ta over Fedraheimen på Tynset, var Synnøve gravid. Steinsvik reiste sin veg og tok bladet med seg.
 
Barnet blei fødd 1. oktober 1889, fekk namnet Synnøve etter mora, som døydde av barselfeber, og var i heile sitt vaksne liv lærar i heimbygda. Først i 1980-åra blei trekantdramaet og følgjene av dette allment kjent.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Ingebjørg Røyrhus Øyehaug: Synnøve Riste. «Fjøyra som dreiv». Målstrid og kulturkamp i 1880-åra. Ålesund 1995

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 12.12.2017