Hopp til innhold
X
Innhald

Tone Ringen

Tone Ringen, forfattar, lyrikar, songar og skodespelar ved Det Norske Teatret og ei av dei tidlege kvinnene i visebølgja frå slutten av 1960-åra.

Tone Ringen er fødd 29. januar 1946 i Nedre Eiker og er busett i Oslo. Ho tok utdanning ved Statens Teaterhøgskole, operalinja (1969). Sidan 1969 har ho vore tilsett ved Det Norske Teatret.
På det Norske Teatret har ho mellom anna spela Tuptim i The King and I (1966), Oline i Ungen, Maria i West Side Story, Jomfru Maria i Draumkvedet og Jenny i Trost i taklampa. Solokabareten Songar frå berget fekk stor merksemd, og ho har medverka i fleire Prøysen-framsyningar og kabaretar med songar av Mikis Theodorakis og Gilbert Bécaud. Ho har turnert over heile landet.
Den første av fleire diktsamlingar var Skyttelen og veven (1976), og den første romanen var Alltid et annet sted (1977). Seinare kom mellom anna Hekseskogen (1990) og Isbrann (1993). Dramaet Eingong var ingenting (1988) handlar om norrøn mytologi. Både som forfattar og utøvar er ho oppteken av forholdet mellom mann og kvinne og den plassen kvinner har i historia.
Ringen har gitt ut fem soloplater, dei første var Vise og Fare Thee Well (begge 1971). Ho har skrive eigne songar, komponert melodiar og gitt ut visebøkene Ord blir tonar (1974) og Den bergtatte (1976). Ringen er representert i fleire antologiar, lærebøker i skulen og visebøker. Ho bruker begge målformer.
Kjelder
Svend Erik Løken Larsen: «Tone Ringen», snl.no, sist oppdatert 3.4.2009, http://www.snl.no/Tone_Ringen [lesedato 30.3.2011] 
Tone Ringen, Biografi hos MIC Norsk musikkinformasjon, ballade.no, publisert 6.8.2006, http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2006052213303496867475 [lesedato 30.3.2011] 
Tone Ringen, forfattarside, skrift.no, http://skrift.no/katalog/index.asp?medlem=ringen.tone [lesedato 30.3.2011] 
Tone Ringe,, presentasjon, kulturnett.no, http://www.kulturnett.no/kunstner_og_artister/kunstner_og_artister.jsp?id=T3214954&pageid=5 [lesedato 30.3.2011] 
Tone Ringen, skodespelarpresentasjon, teaternett.no, sist oppdatert 21.7.2002, http://www.teaternett.no/skuespillere/tone-ringen.htm [lesedato 30.3.2011]

Først publisert: 30.03.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013