Hopp til innhold
X
Innhald

Tore Renberg

Tore Renberg er ein allsidig og populær forfattar frå Stavanger. Han er best kjend for romanane om Jarle Klepp, men skriv òg barnebøker, skodespel og filmmanus. Dessutan er han låtskrivar og popartist.

Tore Renberg er fødd 3. august 1972 i Stavanger og er busett i Oslo. Han gjekk samfunnslinja ved Stavanger katedralskole frå 1989 til 1992 og studerte litteraturvitskap og filosofi ved Universitetet i Bergen frå 1992 til 1995.

Renberg har hatt mange oppdrag som kritikar, mellom anna i avisa Morgenbladet og litteraturtidsskriftet Vinduet. Frå 1995 til 1997 var han medredaktør i tidsskriftet Vagant. Sesongane 1998 og 1999 var Renberg programleiar i «Leseforeningen», eit samtaleprogram om litteratur på NRK2. Etter denne programserien valde han å satse som forfattar på heiltid.

Renberg debuterte med kortprosasamlinga Sovende floke (1995). Sidan har han gitt ut ei lang rekkje bøker i ulike sjangrar, mest barnebøker og romanar for vaksne. Fleire av barnebøkene er laga i samarbeid med illustratøren Øyvind Torseter. Romanen Du er så lys frå 2016 er den første boka hans på nynorsk. Renberg er gitt ut i 15 land.

Romanane om Jarle Klepp står sentralt i forfattarskapen. Dei to første er dei mest kjende: Mannen som elsket Yngve (2003) og Kompani Orheim (2005). Med desse romanane kom òg overgangen frå ein noko distansert og eksperimentell skrivestil til meir underhaldande og realistiske forteljingar, nærmare forfattaren sitt eige liv.

Renberg har skrive for både film og teater. Som pop- og rockeartist har han lang fartstid som bandmedlem, og i januar 2016 debuterte han som soloartist. Renberg har eigen nettstad og er ein medviten og aktiv brukar og formidlar på sosiale medium.

Av dei viktigaste litterære prisane Renberg har fått, er Tarjei Vesaas' debutantpris (1995), P2-lyttarane sin romanpris (2005), Bokhandlarprisen (2008), Stavanger kommunes kulturpris (2008) og Stavanger Aftenblads kulturpris (2014). I 2016 fekk han Målblomen for Du er så lys. Norsk litteraturfestival og Morgenbladet kåra han i 2004 til ein av dei ti beste forfattarane i Noreg under 35 år. I tillegg til mange norske prisar og nominasjonar er han tildelt den tyske utmerkinga Henrik Steffens stipend.

Romanforfattaren Renberg

Det er som romanforfattar Renberg er best kjend. I 2003 dukka den populære karakteren Jarle Klepp opp for første gong i boka Mannen som elsket Yngve. Sidan har Renberg skrive om Klepp i Kompani Orheim, Charlotte Isabel Hansen (2008), Pixley Mapogo (2009) og Dette er mine gamle dager (2011).

Bøkene om Jarle Klepp har ulike tonar, ulike synsvinklar og ulike forteljemåtar. Dei er sjølvstendige romanar på den måten at dei kan lesast i kva rekkefølgje som helst. Likskapen er at dei er samtidsrealistiske, at hovudpersonen er den same, og at innhaldet står nær opp til forfattaren sine eigne livserfaringar. I romanane får vi følgje hovudpersonen frå tidleg ungdomstid og inn i vaksen alder. Oppvekst, farsrolle, identitet og kjærleik er kjernetema hos Renberg, noko desse romanane er døme på.

Det rike fiktive universet til Renberg er nært knytt til forfattaren sitt eige liv. Klepp og Renberg er begge fødde i 1972. Dei var begge gymnasiastar ved Stavanger katedralskole, dei er begge rockemusikarar, og i likskap med Klepp var Renberg litteraturstudent i Bergen i 1990-åra. Så nær står dei to universa kvarandre at dei begge har skrive studentoppgåve om namneproblematikken i Marcel Proust sin På sporet av den tapte tid.

Jarle Klepp-romanane er sentrale verk i norsk samtidslitteratur. Dei er viktige litterære samtidsportrett og er selde i eit samla opplag på meir enn 400 000 berre i Noreg. Dessutan er dei omsette til mange språk.

Ein forfattar for film og scene

Med den musikalske komedien Alt for Egil (2004) debuterte Renberg som manusforfattar for film. I åra etter omarbeidde han fleire romanane om Jarle Klepp til filmmanus.

Mannen som elsket Yngve vart film i 2008. Filmen fekk same tittel som boka han var basert på. Kompani Orheim fekk òg behalde originaltittelen i filmversjonen, medan filmmanuset til Jeg reiser alene er basert på romanen Charlotte Isabel Hansen. Renberg har i tillegg skrive andre filmmanus.

Renberg er også dramatikar. Teaterstykket Femti flotte år med Frode Kommedal er eit komisk og sosialrealistisk samtidsdrama frå Stavangermiljøet. Det hadde premiere på Rogaland Teater våren 2015 og var Renberg sin debut som teaterregissør. Det tette samarbeidet med Janove Ottesen og Kaizers Orchestra har resultert i barnemusikalen Det tusende hjertet i 2007 og teaterstykket Sonny i 2011.

Låtskrivar og popartist

I studietida i Bergen kom Renberg i kontakt med Karl Ove Knausgård. I tillegg til å påverke kvarandre litterært fann dei to saman også i rocken. Saman med fleire kompisar danna dei gruppa Lemen, der Knausgård var trommeslagar og Renberg vokalist.

Frå slutten av 1990-åra var Renberg innom fleire grupper. Då bandprosjektet Modan Garu vart skrinlagt i 2008, sa Renberg seg ferdig med musikk som karriereveg. Men etter eit lengre opphald frå musikkscena vart soloalbumet Ingen nåde lansert i januar 2016. I 2017 kom albumet Ein dag te. Parallelt med oppstarten av soloprosjektet vaks gruppa Lemen fram på ny, også denne gongen med Knausgård på laget.

Kjelder

Dag. H. Nestegard: «Når bok blir film», Bok og samfunn nr. 8/2011

Joachim Førsund: «En splitter ny forfatter», boklubben.no: http://www.bokklubben.no/SamboWeb/side.do?dokId=118260 [lesedato 29.2.2016]

Einar Espeland og Bjørn Grimen: «– Vil skrive om Jarle Klepp til jeg dør», nrk.no: http://www.nrk.no/rogaland/jarle-er-blitt-et-livsprosjekt-1.7784355 [lesedato 26.4.2016]

Michelle Mølgaard Andersen: «Tore Renberg», forfatterweb.dk: http://www.forfatterweb.dk/oversigt/renberg-tore [lesedato 29.2.2016]

Tore Renberg, forfattarside, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Renberg-Tore [lesedato 27.2.2016]

Peikarar

Andrea Rygg Nøttveit: «Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse», framtida.no, publisert 20.9.2018

Intervju med Tore Renberg på bloggen til Deichmanske bibliotek

Tore Renberg si offisielle Facebookside

Først publisert: 05.01.2017
Sist oppdatert: 29.10.2019