Faktaboks

Trygve Ræder
Fødd
23. desember 1898, Rissa (no Indre Fosen), Trøndelag
Død
24. februar 1982, Trondheim, Trøndelag

Trygve Ræder var historikar og skulemann. Han var rektor ved Orkdal landsgymnas (no Orkdal vidaregåande skole) i 22 år.

Trygve Ræder var fødd i Rissa (no Indre Fosen) i Trøndelag. Han tok examen artium i 1919, filologisk embetseksamen med historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1925. Han blei dr.philos. med ei avhandling om historikaren Ernst Sars i 1937.

Ræder var lektor ved Trondheim katedralskole frå 1926 til 1933, ved Vestheim skole i Oslo frå 1933 til 1939 og ved Oslo katedralskole frå 1938 til 1946. Han var rektor ved Orkdal landsgymnas (seinare Orkdal vidaregåande skole) frå 1946 til han gjekk av med pensjon i 1968.

I tillegg til doktoravhandlinga Ernst Sars, som kom ut som bok i 1935, gav han mellom anna ut Johan Bojer og heimbygda Rissa. Liv og dikting (1972) og Asbjørn Øverås i profil (1976), om den første rektoren ved Orkdal landsgymnas, som òg var ein landskjend pedagog.

Ræder kom med i målrørsla i studenttida og var nynorskbrukar. Språkpolitisk gjekk han inn for samnorsk. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Trygve Ræder
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036815002765

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg