Faktaboks

Vigdis Rojahn

Vigdis Brynhildsen (jentenamn)

Fødd
1. desember 1902, Bergen
Død
27. mars 1994, Fetsund

Vigdis Rojahn var ein norsk illustratør, biletkunstnar og barnebokforfattar. Dei eventyrlege blyantteikningane hennar skilde seg ut i ein periode av litteraturhistoria som elles var prega av realisme.

Bakgrunn

Ho studerte ein kort periode ved Bergen Kunsthåndverkskole, ho tok målarkurs hos Bjørn Smith-Hald, og ho studerte ved Oslo Reklameskole.

Virke

Rojahn skreiv og illustrerte ei rekkje barnebøker, særleg om troll og andre fantasivesen, men ho forankra dei ofte i ei realistisk rammeforteljing. I 1932 debuterte ho med Prinsesse Ragnhilds eventyrbok. Boka var tileigna den nye prinsessa i Noreg, Ragnhild. Rabletusten frå 1966 blir ofte trekt fram som særmerkt både når det kjem til forteljing og bilete. Tittelfiguren blir til då jenta Siri kjedar seg i sjukesenga og rablar sint i veg med blyanten. Skissa livnar til og blir ein liksom-kamerat for Siri.

I 1970-åra og byrjinga av 80-åra heldt ho fem separatutstillingar, og ho smykka ut Fetsund herredshus.

Andre illustrasjonar

I tillegg til eigne bøker gjorde Rojahn òg andre illustrasjonar. Ho illustrerte mellom anna kort, og ho formgav brettspel. På eit av julekorta hennar er motivet ein nisse som held fast i nisselua, medan ei kråke, som liknar den tyske riksørna, prøver å nappe lua. Kortet blei forbode under krigen, og illustratøren blei kalla inn til forhøyrVictoria terrasse.

Den delvis sjølvbiografiske skildringa Marit frå 1952 blei premiert av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Det same gjaldt den fantastiske forteljinga Stribust frå 1961 og fleire andre av bøkene hennar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Norsk Folkemuseum: «Da nisselua ikke kunne være rød»

Litteratur

  • Birkeland, T. ofl., red. (2018): Norsk barnelitteraturhistorie, 3. utvida utgåve. Oslo: Samlaget

Faktaboks

Vigdis Rojahn

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg