Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Conrad von Röntgen

Wilhelm Conrad von Röntgen, 1845–1923, var tysk fysikar. Han oppdaga i 1895 ei tidlegare ukjend stråling som han kalla X-strålar. Dei viste seg å kunne trengje gjennom stoff som synleg lys ikkje kunne trengje gjennom. Seinare blei desse strålane kalla røntgenstråler. von Röntgen fekk den første nobelprisen i fysikk i 1901.

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011