Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnar Høgelid

Ragnar Høgelid (1921-2008) frå Sande, busett i Leikanger og Førde. Utbyggingssjef. Utdanna sosialøkonom.

Ragnar Høgelid (1921-2008) frå Sande, busett i Leikanger og Førde. Utbyggingssjef. Utdanna sosialøkonom.

Han arbeidde m.a. i Finansdepartementet før han i 1959 vart tilsett som områdeplanleggjar i Sogn og Fjordane. Etter omorganisering av kontoret vart han plan- og utbyggingssjef i 1964. Avdelinga forvalta m.a. Distriktenes Utbyggingsfond i fylket. Høgelid fekk m.a. mykje å gjere med utviklinga av Førde som fylkessenter. I 1987 vart stillinga endra til næringssjef i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.02.2010